Friends-skapar angrar på framstilling av trans-karakter

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Komiserien Friends skreiv seg inn i populærkultur-historiebøkene då han gjekk på TV mellom 1994 og 2004.

I den sjuande sesongen vart sjåarane introduserte for Charles Bing, også kjend som «Helena Handbasket», forelderen til ein av hovudpersonane, Chandler.

Karakteren vert gjennomgåande referert til som faren til Chandler, og jobbar som drag-queen i Las Vegas.

Karakteren er spelt av ei kvinne – Kathleen Turner –, men vert aldri anerkjend som trans i serien. Tvert imot vert identiteten og kjønnsuttrykket til karakteren brukt som ein vits.

– Ein feil

No seier Marta Kauffman, ein av serieskaparane, i eit intervju med BBC World Service at ho angrar på framstillinga.

– Vi heldt fram med å referere til henne som faren til Chandler, sjølv om karakteren var trans, seier ho.

Kauffman forklarar at ho på den tida ikkje forstod bruk av pronomen, og at dei difor ikkje refererte til karakteren som ho.

– Det var ein feil, seier Kauffman.

Skodespelaren sjølv, Kathleen Turner, sa til Gay Times i 2018 at ho ikkje ville ha teke rolla på nytt, og at ho ikkje synest at serien har eldast godt.

Donerer pengar

Kauffman tar også sjølvkritikk for at serien ikkje hadde fleire svarte skodespelarar. Ho fortel til the Los Angeles Times at ho byrja å tenke over korleis ho sjølv hadde bidrege til systematisk rasisme, etter at George Floyd vart drepen og Black Lives Matter-rørsla vaks.

– Eg var umedviten rundt systemisk rasisme, og det får meg til å føle meg dum. Det var ein veldig gyldig, ekstremt vanskeleg kritikk, som eg framleis vert emosjonell av, seier ho til BBC.

Desse uttalene kjem i samband med at Kauffman kunngjorde ein donasjon på 4 millionar dollar til eit gåveprofessorat ved avdelinga for afrikanske og afroamerikanske studium på det gamle universitetet hennar. Gåva kom nettopp fordi ho var flau over den kvite homogeniteten blant karakterane i Friends.


Ansel Elgort spelar Tony i West Side Story, medan Rachel Zegler spelar Maria. Foto: Niko Tavernise/20th Century Studios via AP