«Sei i frå når du ser det. Sei i frå når du høyrer det»

Ammal Ahmed Haj Mohamed
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Video: André Percy Katombe/The Oslo Desk

Sei i frå når du ser det. Sei i frå når du høyrer det. Sei i frå når du føler at ein urett er blitt gjort.

Eg heiter Ammal Ahmed Haj Mohamed, og representerer Norsk Folkehjelp, Solidaritetsungdom. Vi er fagrørslas humanitære organisasjon. Vi er deira ungdomsrørsle.

George Floyd er den siste i ei lang, lang rekke av afroamerikanarar som har mista livet på grunn av politivald. Han var i bakken med henda bak ryggen. Å sjå videoen gjorde meg fysisk kvalm! Ei kjensle. Det er berre ei kjensle eg bar på ved å sjå den videoen.

Kunnskap om denne hendinga, og all historia dette vitnar om, er det som har ført oss hit i dag. På trass av alle utfordringane: Her i nord, står me skulder til skulder med våre søstrer, brør, vener, samarbeidspartnarar over dammen, på andre sida, i USA, der systematisk rasisme eksisterer.

Og vi føler den her heime også. Vi krev at alle involverte vert stilte til ansvar. Vi krev at den som gjorde handlinga vert stilt til rettsleg ansvar. Vi krev at systema vert endra. Systema som støttar undertrykking og rasediskriminering. Vi vel å kjempe for ei rettferdig verd, og ei rettferdig fordeling av makt og ressursar.

Rasisme kjem til uttrykk i hat, ytringar og fordommar. Den gjer seg også gjeldande skjult. I jobbintervjuet ein ikkje vert kalla inn til. I skeive blikk. I strukturar som hindrar deltaking. Den blir utøvd av alle. Alle kjønn. Alle aldrar. Frå alle samfunnslag og alle samfunnsområde.

Kontroversielle og grove uttrykk og handlingar er lette å identifisere, men dei som tek del i kvardagen, som er diskre, dei har eg funne ut at det er vanskelegare å identifisere. Men det gjer den på ingen måte mindre krenkande, eller mindre farleg.

Rasisme er rasisme!

Ja, eg har lært at det er lettare å setje lys på det som blir sett og høyrt. Men den diskré rasismen, den er du ikkje førebudd på. Den står du kanskje heilt åleine i. Då kjem tankar: er eg sensitiv? Ein kan tenke det, og andre kan seie det:

«Kvifor er du så sint? Kvifor overreagerer du?»

Å snakke om rasisme i Noreg veit eg er ubehageleg for mange. Mange kvir seg med ein gong rasisme er ein del av samtalen. Fordi det er vanskeleg. Fordi det er komplisert. Fordi det er personleg. Fordi det lett kan seie noko om meg og fordi det lett kan seie noko om deg.

Men når meiningar om kva det betyr å vere rasist, kryp inn i samfunnsdebatten, så føler eg også ei glede. Glede fordi den fortel om engasjement. Når vi snakkar om det katalyserer vi plattformar for handling, endring og forståing.

Vi finn allierte, vener og framande, som seier: «Eg veit kva privilegium eg ber på, og sjølv om eg ikkje alltid ser det så skal eg vere vitande om at ditt liv her heime i Noreg, vert farga av mine privilegium».

Det viste seg at Berre ein kommune hadde ein dedikert handlingsplan som fokuserer på kjemping mot rasisme.

Norsk Folkehjelp solidaritetsungdommen tok i 2016 initiativ til ein kampanje der vi spurde alle politikarar i alle kommunar om kva handlingsplanar dei har for å kjempe mot rasisme. Av 428 kommunar fekk vi svar av 168.

Det viste seg at berre éin kommune hadde ein dedikert handlingsplan som fokuserer på kamp mot rasisme. Det viste seg også at med lanseringa av kampanjen, var det nokre ordførarar som svarte: «Rasisme? Vi har ikkje det i vår kommune. Vi har ikkje det problemet».

Men det katalyserte også at ytterlegare tre kommunar presenterte og utarbeidde handlingsplanar som fokuserer på å kjempe mot rasisme. Det er kanskje små steg, men det er i alle fall steg i rett retning.

Eg har to brør og eg har to fetrar

Eg ser at politiet er her idag, og eg er takknemleg for arbeidet de gjer rett her i dag.

Men eg veit også at fetrane mine og brørne mine i alderen 15-21 år har blitt stoppa av  poltiet fleire gonger før dei var fylte 18 år.

Då eg ikkje forstod det såg eg fetteren min stå med to politibetjentar, medan han ropte: «Eg skjønar ikkje, eg har ikkje gjort noko».

Eg gjekk bort til han og prøvde å forstå kva som skjer, og fekk til svar: «Det er seint, vi såg han utanfor. Dette er ein normal sjekk».

Når eg og fetteren min går heim seier han éin ting: «Det er urettferdig! Det er ikkje rett.»

Og det er det ikkje. Difor krev me at stopp-og-sjekk, skal dokumenterast og registrerast så dei som er ansvarlege for bruk av overmakt, skal bli stilte til ansvar.

Saman er vi med på å skape forandring!

– Løft armen i vêret fordi du er antirasist!

– Løft armen i vêret for rettferd!

– Løft armen i vêret for George Floyd og alle før han!

– Løft armen i vêret fordi du representerer visjonen av eit samfunn, ei verd, fri for rasisme!


Har du noko på hjartet? Send inn til tips(a)framtida.no!

Teikneserieforfattar Josef Yohannes (39) har sjølv vorte stoppa av amerikansk politi. Foto: Jørgen Storhaug