DNT arrangerer Fjellpride

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNTs betente hytte Sota Sæter i Breheimen har dei siste åra arrangert Fjellpride i juli.

Angrepet i Oslo i slutten av juni sette ein stoppar for mange Pride-markeringar i heile landet, men arrangørane har bestemt at årets Fjellpride kan gjennomførast som planlagt torsdag 7. til søndag 10. juli, skriv DNT i ei pressemelding.

– Vi er alle prega av det som skjedde under Oslo Pride, og våre tankar er med dei ramma, pårørande og alle som har kjent seg utrygge. Sånn kan vi ikkje ha det. Derfor er vi så glade for at vi kan gjennomføre og invitere til Fjellpride! Det kjennest spesielt viktig no i år, seier Ove Lilleengen, vertskap på Sota Sæter og del av arrangementskomiteen, i pressemeldinga.

Han fortel at det framleis er ledige plassar både innandørs og i teltområdet, og at det derfor framleis er mogleg å kjøpe festivalpass. Det må gjerast på førehand.

– Naturen er som kjent open for alle. Alle er alltid velkomne til oss i DNT, men denne helga skal vi vise det skikkeleg, seier Lilleengen.


Cecil Etta (26) skriv om korleis tida etter masseskytinga utanfor London pub har vore. Foto: Privat