Gruvearbeidarar i Canada har funne ein mumifisert baby-mammut, som forskarar meiner døydde under istida for over 30 000 år sidan.
Marte Husabø

Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du òg lese om robotar kjem til å ta over verda og om verdas største plante.

Mammutane vandra rundt i store deler av Nord-Amerika, Europa og Asia, før dei døydde ut for om lag 4000 år sidan.

Her i Skandinavia er det gjort meir enn 20 funn av fossile mammutar, der dei fleste funna er i Gudbrandsdalen og ved Mjøsa i Noreg, skriv SNL.

No har derimot gruvearbeidarar oppdaga ein nesten perfekt bevart mammutbaby, som har vore gravlagd i permafrosten nordvestlege Canada, skriv BBC.

– Rett og slett utruleg

Framtida Junior har vore i kontakt med ein av forskarane som vart kontakta for å undersøka og henta mammuten. Dan Shugar fortel at det var utruleg inspirerande å sjå dyret med sine egne auge.

– Det var rett og slett utruleg å sjå noko som døydde for 35 000–45 000 år sidan, som har vore innkapsla i permafrosten sidan då, og framleis nesten ser ut som om det døydde i går, seier han.

– Å vera ein del av oppdaginga av Nun Cho Gav, mammuten som vart funnen i permafrosten i Klondike, er den mest spennande vitskaplege hendinga eg nokon gong har vore med på, utan unntak, skriv professor Dan Shugar på Twitter. Foto: Holly Basiuk/University of Calgary

Nun cho gav

Dette er første gong det blir gjort eit funn av ein så og seia komplett mumifisert mammut i Nord-Amerika. Mammuten er så godt bevart, at ein etter 30 000 år tydeleg kan sjå både snabel, negler og restar av hår.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Yukon-regjeringa og Tr’ondek Hwech’in First Nation.

Forskarane trur mammuten har vore ei jente, og har gitt ho namnet Nun cho gav. Det betyr «stort babydyr» på Han-språket, som blir snakka av urfolket i funnområdet.

– Eit av dei mest utrulege mumifiserte istidsdyra

– Som ein paleontolog som jobbar med istida, har det vore ein av dei livslange draumane mine å stå ansikt til ansikt med ein ekte mammut. Den draumen gjekk i oppfyllelse i dag. Nun cho gav er vakker og eit av dei mest utrulege mumifiserte istidsdyra som nokon gong er oppdaga i verda. Eg er spent på å bli meir kjent med ho, seier Grant Zazula i pressemeldinga.

Ein patentolog jobbar med forhistorisk liv, både i planteriket og i dyreriket.

Nun cho gav er omtrent like stor som ein annan mammut-baby, som vart oppdaga i Sibir i 2007. Han var rundt 42 000 år gamal.


Ein av plantane som har vorte dyrka i studien vert flytta til ein behaldar for genetisk analyse. Foto: Tyler Jones for UF/IFAS
Oppdatert: fredag 1. juli 2022 12.30

LES OGSÅ

ANNONSE