Japan har framleis forbod mot likekjønna ekteskap

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den japanske grunnlova definerer ekteskap som mellom «begge kjønn».

Landet er det einaste av dei mektige G7 landa som ikkje let personar av same kjønn gifte seg. Likevel har fleire lokale område byrja å gje ut partnarskapsbevis, for at personar i likekjønna forhold skal kunne leige leilegheiter og få rett til å besøke sine partnarar på sjukehus.

Behov for debatt

I 2021 kom ein lokal domstol i Sapporo fram til at det japanske forbodet mot likekjønna ekteskap var grunnlovsstridig. No har ein lokal rett i Osaka behandla ei sak om likekjønna ekteskap, og kome fram til at forbodet ikkje er grunnlovsstridig, melder BBC.

Tre likekjønna par, to homofile og eitt lesbisk, tok saka til retten i Osaka. Para meinte det var grunnlovsstridig å nekta dei ekteskap, og kravde også 1 million yen (om lag 75.000 norske kroner) i erstatning for diskriminering.

Para fekk ikkje medhald, men retten meinte likevel at det kunne vera behov for å gje likekjønna par ei offentleg anerkjenning.

«Ein offentleg debatt om kva type system som er passande for dette har ikkje blitt utført i tilstrekkeleg grad,» skreiv retten ifølgje BBC.

Ikkje arve- eller foreldrerett

Para vil anka dommen. Rettssaka var eit steg tilbake for LHBT-aktivistar, som håpa på eit større press mot regjeringa for å anerkjenna likekjønna samliv.

Likekjønna par kan få nokre rettar gjennom lokale partnarskapsbevis, men kan ikkje arva partnaren sin eller få foreldrerett på lik linje som heterofile ektepar.

I 2020 vart likekjønna ekteskap lovleg i Costa Rica, og i fjor stemte 64 prosent av sveitsarane ja i ei folkeavstemming om likekjønna ekteskap.

Visste du at likekjønna ekteskap ikkje var lovleg i USA før 2015? Og at Australia først innførte det i 2017? Her kan du sjå ei liste over alle landa som har innført likekjønna ekteskap sidan 2010.

Allereie i 2013 hadde TIME desse framsidene, men amerikanske likekjønna par måtte vente endå eit par år før dei fekk gifte seg. Faksimile: TIME