Fem bøker du bør lese før du ser filmen 

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omslag: Gyldendal Oslo

Den store Gatsby – F. Scott Fitzgerald (1925)

Den rike, men ulykkelege Jay Gatsby gjev aldri opp draumen om å få tilbake ungdomskjærasten Daisy Buchanan. Stadig vekk held han luksuriøse festar i det strålande huset sitt på Long Island, i håp om at Daisy ein dag skal dukke opp. Han har fått alt han ynskjer seg i verda, men likevel verkar det umogleg å få den eine tingen han ynskjer seg aller mest.

Romanen er eit hovudverk i amerikansk mellomkrigslitteratur og ei skildring av dei glitrande 20-åra, og lengta etter å realisere den amerikanske draumen.

Les også: Fem amerikanske klassikarar du bør lese

 

Omslag: Samlaget

Den vesle prinsen – Antoine de Saint-Exupéry (1943)

«Den vesle prinsen» bur på asteroide B 612. I einsemd fer han ut på ei reise i ynskje om å finne ein ven. Men finn berre øydeleggjande typar: «kongen» – som lever for å herske over andre, «drankaren» – som flyktar frå livet og skamma, «businessmannen» – som tel stjernene for å setje dei i banken, «geografen» – som er meir oppteken av å registrere enn av å leve, «den forfengelege mannen» – som er avhengig av responsen til andre, og «den einsame lyktetennaren» – som er styrt av reglar og rutinar. På reisa forsømer han det einaste ansvaret sitt, som er ei rose han forstår at han elskar når det er for seint.

Les også: Seks tips til deg som vil læra eit nytt språk

 

Omslag: Penguin Random House

Forrest Gump – Winston Groom (1986)

Forrest Gump blir stempla som ein idiot etter at det viser seg at han berre har 70 i IQ. Likevel blir han fotballspelar i superklasse, deltek i Vietnamkrigen, blir plukka ut til å vera NASA-astronaut, blir ein anerkjent sjakkspelar, fribrytar, musikar og forretningsmann. Alt utan at han sjølv forstår bragda i handlingane sine.

I boka fortel han livshistoria si, ei forteljing som viser seg å vera full av visdom og kjærleik til Jenny som han elskar. 

 

Omslag: Alma Books

Travelling to infinity – Jane Wilde Hawking (1999)

I denne velskrivne biografien fortel Jane historia om ekteskapet hennar med den anerkjente vitskapsmannen Stephen Hawking.

I boka får ein innsyn i Stephen sin kamp med ein sjeldan motornevronsjukdom, ulike sider av ekteskapet, verknaden status kan ha på eit forhold, skilsmissa deira og forsoninga med kvarandre. Boka er inspirasjonen til den bestseljande filmen The Theory of Everything, og gjev eit portrett av to ulike, men vise menneske som prøver å leve med kvarandre.

Les også: Visste du at Stephen Hawking meinte dette?

 

Omslag: Hermon Forlag

Skuret – William P. Young (2007)

Ein far tek med borna på hyttetur i det nordvestlege USA. På turen blir den yngste dottera bortført og drepen, og livet til faren blir sterkt prega av sorg. Fire år seinare får han eit brev frå Gud, der han blir invitert tilbake til hytta der dottera vart drepen. Boka tek lesaren med til dei mest utrulege stader, og byr på mange overraskingar.

Anten du er truande eller ikkje er dette ei levande bok som garantert vil gje eit djupt inntrykk.

 


Illustrasjonsfoto: Artem Beliaikin, Unsplash.com