Hjerteslag–Vebjørn flytta til Spania for satse på internasjonal karriere

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste kjenner Vebjørn Enger frå Askeladden-filmane og Kompani Orheim. 26-åringen har jobba meir som skodespelar enn dei fleste på sin alder. Dei siste åra har han mellom anna spelt Anders i Hjerteslag, og i vår kunne vi sjå han i siste sesong av Ragnarok.

På ein backpackingtur i Vietnam fekk han ideen om å følgje skodespelardraumen utanfor Noregs grenser.

– I Vietnam såg eg ein europeisk fyr på TV som spelte skurk i alle såpeoperaene der. Då fekk eg ideen om å lære meg eit nytt språk, seier skodespelaren.

Starta frå «scratch»

Enger bestemte seg for å lære seg spansk.

– Å lære eit nytt språk gjer deg litt meir eksotisk. Eg ser heller ikkje ut som majoriteten verken i Spania eller Sør-Amerika. Det er også eit veldig stort språk. Det gjer oddsa mine for å kunne jobbe som skodespelar i spansktalande land litt betre.

Då han starta læringsprosessen for tre år sidan, kunne han ingenting frå før. På skulen fekk han 2- i fransk, og måtte starte læringa heilt frå «scratch».

Vebjørn Enger spelar Jens i Ragnarok. Foto: Francisco Munoz/Netflix

– Eg har jo jobba som skodespelar lenge. Då jobbar ein gjerne i to månader intenst, og så har du fri i fire-fem månader. Sånn har i alle fall mitt skodespelarliv vore. Eg begynte å lære spansk fordi det var nødvendig for meg å ha eit eige prosjekt på sida.

I starten brukte skodespelaren appen Duolingo. Etter at han hadde lært seg grunnprinsippa, reiste han til Costa Rica i to månader.

– Eg reiste til Costa Rica fordi dei snakkar veldig fort i Spania, medan dei i Costa Rica snakkar veldig sakte. Då eg var i Costa Rica sette eg ein regel for meg sjølv om at eg ikkje skulle snakke noko anna enn spansk, eller kroppsspråk. Sånn tvinga eg hjernen min til å tenke på spansk.

Då han kom heim frå Costa Rica tok han 30 studiepoeng i spansk på UiO.

No, tre år seinare, er han ferdig med det første året på TAI Escuela Universitaria de Artes i Madrid. Her går han skodespelarutdanning på spansk.

– Kven tar på seg sjølv?

Det er mange misforståingar som kan oppstå når ein lærer eit nytt språk. På spansk seier ein «Me toca», viss du skal seie at det er din tur til å gjere noko. I ein skodespelartime skulle Vebjørn spørje kven sin tur det var, og sa «Quién se toca?». Det blei heil feil. «Quién se toca» tyder nemleg «Kven er det som tar på seg sjølv?».

– Det lærte eg då. Det eg skulle sagt var «Quién le toca». Det er også mange ord ein trur ein kan omsette frå engelsk, men som tyder forskjellige ting. For eksempel om du er jente og skal seie at du er flau. Då er det fort å seie «Estoy embarazada». Men på spansk betyr det at du er gravid.

Vebjørn Enger og skodespelarklassen hans på TAI Escuela Universitaria de Artes i Madrid. Munnbind har vore veldig viktig i Spania, mens meteren ikkje er så viktig. Foto: Privat

– Eg skulle ikkje ha toppkarakterar

Vebjørn Enger seier at det siste året har vore tøft, og har kravd mykje av han. Både med tanke på språk og kultur.

– Heilt ærleg har eg ikkje hatt eit veldig bra år her nede. Eg har mista veldig mykje sjølvtillit som skodespelar. Eg er ikkje ein god skodespelar på spansk. Når du spelar på eit anna språk, er du ikkje like morosam, du er ikkje god i sosiale situasjonar, og du er generelt mykje dummare.

I starten av skuleåret fekk han også noko han kallar for språkmigrene.

– I starten av skuleåret begynte det å svi i hjernen rundt klokka tolv. Då måtte eg sove to-tre timar etter skulen kvar dag. Det er jo dei første månadene ein skaper sosiale relasjonar og vennskap. Men då måtte eg berre gå heim fordi eg var så utmatta.

På skulen har dei også måtta levere rundt 25 analysar på 12–15 sider av ulike teaterstykke. Dei andre i klassen hans brukte rundt fem timar på ein sånn analyse. Vebjørn brukte fem dagar.

– Det var eigentleg litt dumt, for no har eg toppkarakter i det faget der. Det var jo ikkje det eg skulle. Eg skulle jo bli kjent med ein kultur og få venner. Eg trudde eg kom til å stryke, så derfor la eg inn altfor mykje arbeid.

Ein liten siger

– Berre for å provosere spanjolar vil eg seie at italiensk mat er betre enn spansk mat, seier Vebjørn Enger. Foto : Privat

Men det har også vore augneblinkar der han har hatt meistringskjensle. For eksempel då han skreiv ein scenetekst sjølv, som han framførte framfor heile klassen.

– Eg syntest det var veldig skummelt, men då eg gjekk ut av rommet kjente eg at eg hadde fått det til. I tillegg følte eg at eg hadde hatt det kjekt. Det var ein liten siger.

Sjølv om prosjektet hans kanskje ikkje lukkast, har han tileigna seg kunnskap han kan bruke i den verkelege verda.

– Vi lever i ei meir og meir global verd. Det blir fleire roller for utlendingar uansett kor du er frå, og kva heimlandet ditt er. Verda blir mindre, og det er lett å flytte rundt.

Likevel trur han ikkje at prosjektet han held på med er ein life hack for unge skodespelarar som drøymer om ein internasjonal karriere.

– Sjølv om det er mange om beinet i Noreg, er det færre enn i London eller Madrid. Eg trur det heller er lurt å starte i Noreg og bygge utover. Eg føler jo at eg har eit nettverk i Noreg, som gjer meg tryggare på at eg kan reise ut og oppleve noko nytt.


Vebjørn Enger sine tips til unge som ønsker å etablere seg i utlandet:

1. Lær deg språket.

2. Meld deg opp til ein aktivitet eller eit studium.

3. Ikkje gå med hovudtelefonar på gata. Då kan du miste høvet til å komme i snakk med nokon.

4. Tør å gjere ting aleine. Gå på bar, restaurant, kino og liknande.

5. Slå av ein prat med folk, sjølv om det kjennest unaturleg.

6. Ver eit ja-menneske.


Resa Safa Park. Foto: Kristian Engelsen