Hyperion-leiaren drøymer om at Noreg skal få eige dataspelinstitutt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er jo ein hardbarka sosialist, så kampen for eit egalitært samfunn er alltid i tankane, fortel Helle Munthe-Kaas om kva hennar eiga hjartesak er.

25-åringen frå Oslo nemner betre helsetilbod for transpersonar i Noreg og bustadmarknaden i hovudstaden som døme.

– Det bør vere ei sjølvfølge at om du jobbar i Oslo, så skal du kunne kjøpe deg hus i Oslo, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Samstundes meiner ho dei vanskelegaste kampane ikkje er dei lovbundne, men dei som heng saman med haldningar, som skjønnheitsstandardar, rasisme og sexisme.

Du treng ikkje vere A4

I mange år har Helle Munthe-Kaas delteke på Hyperion-sommarleiren Hypercamp. Der vart 25-åringen inspirert til å vere med på organisasjonslaget.

– Eg kjente på følelsen av at eg ønska å bidra og kunne gje noko tilbake til organisasjonen som hadde gjeve meg så mange nye vennar og interesser, og få vere med på moroa med å arrangere sidan det verka som mannskapet hadde det utruleg morosamt, forklarar ho.

På fjorårets landsting vart ho vald til leiar i Hyperion Norsk Forbund for Fantastiske Fritidsinteresser. I januar tok ho til i det nye vervet. 

Helle Munthe-Kaas spretter kake på kontoret. Til høgre er frå då ho var på escape room med sentralstyret i Hyperion. Foto: Privat

– Eg vil vere ein leiar som folk føler dei lett kan kontakte og ikkje er redde for å spørje om ting dersom det er noko.

Munthe-Kaas seier ho ser på seg sjølv som ein litt folkeleg leiar som er på same nivået som resten av medlemmane.

– Samstundes likar eg å skilje meg ut – eg ser jo ikkje ut som ein typisk organisasjonsleiar. Eg ønskjer å vise mangfaldet, at du ikkje treng vere A4 for å vere ein leiar.

Drøymer om å få Hyperion på Debatten

Leiardømet hennar er den tidlegare Hyperion-leiaren Habiba Stray.

– Ho er så sterk og engasjert, ho var alltid på ballen. Ho er ikkje redd for å stå sterkt og stødig i dei store spørsmåla og ho var ikkje redd for å gå nye vegar, rosar den nye Hyperion-leiaren.

Helle Munthe-Kaas rosar forgjengaren sin for å ha gjort ein stor jobb med å få Hyperion anerkjend i organisasjonslivet og i det politiske landskapet. 

– Eg veit ikkje om vi hadde vore der vi er i dag utan ho.  

Hyperion er ein landsomfattande organisasjon for barn og ungdom med fantastiske fritidsinteresser, og rommar foreningar frå rumpeldunk og laiv til wrestling og e-sport.

Noko av det som har overraska Hyperion-leiaren mest den siste tida, var då NRK plutseleg ringde og spurde om ho kunne kome til Marienlyst for å diskutere «lootboksar» i byrjinga av juni.

– Eg har aldri vore i ein debatt før og ingen frå Hyperion har vore på Dagsnytt 18, så det var veldig nervepirrande. Det gjekk jo heldigvis bra og eg koste meg veldig, skriv Munthe-Kaas, som no har som mål å få Hyperion på Debatten.  

Lootboksar, nerdekultur og aldergrense

Lootboksar er òg ei av dei viktigaste sakene for Hyperion i 2022.

– Spel som inneheld lootboksar må verte merkte og regulerte, men det er viktig at reguleringa ikkje går på kostnad av fritidsinteressa. Lootboksar har lotterifunksjonar som ein betalar ekte pengar for og må difor inn under pengespellova, slår Munthe-Kaas fast.

Vidare vil ungdomsorganisasjonen arbeide for at møteplassar for nerdekultur skal verte støtta opp om på lik linje med andre fritidsinteresser.

– Dette betyr både at aktivitetar som til dømes dataparty ikkje vert prioritert vekk av lokale framfor idrettsarrangement, men òg at kommunale lokale må verte tilpassa ungdomsinteresser med kompetanse og riktig utstyr.

Litt diverse bilde som reflekterer dagene mine på Hyperions kontor: Drikke Monster, sitte på PCen og tidvis kose seg.
Foto: Privat

Den tredje saka Hyperion har fokus på i år, er aldersgrensa for kven som vert rekna som ungdom.

Munthe-Kaas påpeikar at ungdomskultur er i stadig utvikling, og meiner at aldersgrensa for ungdom bør verte heva frå 26 år til 30 år for å vareta moderne ungdom og deira interesser. Det vil også vere i tråd med EU sin definisjon av «young people».

– Frivillige ungdomsorganisasjonar bør ha gode nok rammer til å famne om heile målgruppa si, poengterer ho.

Wrestling og drag

På fritida er Helle Munthe-Kaas oppteken – ho gjer nemleg alt for mykje, seier ho.

– Eg driv med wrestling og er drag king (dessverre ikkje samstundes), så helgene mine er alltid busy med det eine og det andre.

Framtida.no har tidlegare intervjua Munthe-Kaas om å få utløp for kreativiteten gjennom dragkarakteren «Erik Sjon», og kva likskapar som er mellom wrestling og drag.

I tillegg likar også 25-åringen å drive med kostyme og handtverk, samt å spele videospel og brettspel. Den størst tidstjuven i kvardagen hennar er definitivt videospel:

– Eg spelar nok fort litt mykje. Typisk, så kjem eg heim, et middag og så set eg meg ned for å spele resten av kvelden.

Munthe-Kaas fortel at ho fort kan verte oppteken av å berre spele eitt spel, og vere oppslukt av det ei god stund før fokuset skiftar til eit anna spel.

– Det er ein liten ond sirkel i spelelivet mitt.

Foto: Celine Christoffersen

Ramen med Robin Williams

Om Helle Munthe-Kaas kunne invitert kven som helst på middag, så hadde ho bede skodespelar Robin Williams, som døydde i 2014. 

– Eg ser veldig opp til han. Han var ein fantastisk person som alle rundt han var glad i, og som var så snill mot alle han møtte.

Hyperion-leiaren trur han kunne gjort middagen morosam og underhaldande, samstundes som dei kunne prata om dei djupare og såre tinga. Ho ser føre seg at han hadde sett på ho med forståing i augo og visst å seie dei rette orda.

– Han var eit menneske som brydde seg om andre, så utruleg mykje, seier ho og held fram:

– Han slår meg som ein type som likar litt spicy mat, så eg kunne fort tenkt meg å servere han ei god ramensuppe med litt futt i.  

 TikTok og nettaviser

For å halde seg oppdatert på kva som rører seg i verda, synest Munthe-Kaas TikTok er ei overraskande grei kjelde:

– Mange trur TikTok berre er dansevideoar, men algoritmen deira er veldig tilpassa slik at om du likar og følgjer dei riktige kontoane, så kan For You-sida sjå ganske annleis ut.

Ved å følgje aktivistar og kontoar som driv med nyheitsoppdateringar, held ho seg oppdatert på mykje av det som skjer i verda. For å få oversikt over nyheitsbilete i Noreg, så sjekkar ho NRK og Aftenposten sine nettaviser.

– Eg er ikkje nødvendigvis flink til å lese artiklar, men eg likar å halde meg nokolunde oppdatert og ha ei oversikt over kva som skjer, så difor likar eg mange norske aviser på Facebook, slik at eg får med meg alle overskriftene i alle fall.  

 Dataspelinstitutt

Om Hyperion-leiaren hadde vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «Noreg får eit eige dataspelinsitutt!»

– Sidan videospel har vorte så populært som det er, så treng vi faktisk fagpersonar med relevant kompetanse på eit samla ressurssenter som kan handtere spørsmål og problem knytt opp mot videospel. Eit dataspelinstitutt hadde vore ei god løysing på det, forklarar Munthe-Kaas.

– I tillegg produserer Noreg mykje færre videospel enn resten av Norden. Det er faktisk flautt kor stor forskjell det er. For å kunne støtte den norske spelindustrien, så trengst det litt støtte for å kome i gang.

Ho meiner eit dataspelinstitutt kunne støtta produksjonen av norske spelprosjekt på same vis som Norsk Filminstitutt støttar norske filmprosjekt.

 I dag er det berre ei støtte til utvikling av videospel ein kan søkje på under NFI og ho går berre til spel som skal ha fokus på norsk språk, kultur og historie, eller tematikk som har relevans til ei norsk målgruppe. Dette kravet vert ikkje gjeve til mange av prosjektstøttene som går til film, så det er ein urettferdig ubalanse her.

Sekstimarsdag og skattlegg dei rike

– Kva er idealsamfunnet, og korleis når vi det?

– Idealsamfunnet er eit samfunn der dei svake vert tekne vare på og ingen har for mykje eller for lite pengar. Der alle menneske har tid, energi og mogelegheit til å drive med fritidsinteressene sine. 

Helle Munthe-Kaas meiner vi er på veg dit, i og med at vi lever i ein velferdsstat, men at det framleis er nokre steg att å ta:

– Som blant anna ned på 6 timars arbeidsdag, skattlegge dei rike meir, leggje tannpleie under vanleg frikort og vi må gjere noko meir med moralen visse folk har av å betale skatt og bidra til det norske samfunn.  

 

Omslag: Cappelen Damm

– Kva bok burde alle lese, og kvifor? 

– Doppler. Alle har godt av å reflektere over kor «flinke» samfunnet legg opp til at alle skal vere. 

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no? 

Pose. Det er ein nydeleg serie som skildrar realiteten under aids-krisa i Amerika, samt har mykje moro og glamour.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Pump It av Electic Callboy. Dei var i Tyskland sin kvalik for Eurovision og hadde gjort det utruleg bra om dei kom vidare. Han gjev meg lyst til å pump it.


Foto: Reproductive Health Supplies Coalition/Unsplash, Privat. Kollasj: Framtida.no

 Helle Munthe-Kaas

Frå: Oslo, spesifikt Lilleaker 

Alder: 25 

Personlig pronomen: Ho/henne 

Yrke/utdanning: Bachelor i Film og TV 

Favorittfag på skolen: Gym og musikk 

Ulike verv: Sentralstyret i Hyperion, styremedlem i Norges Wrestlingforbund, økonomiansvarlig i Kattas Fabelprosaiske Elevsamfund 

Medlem i: Hyperion