Åshild, Helle og Katinka er drag-kongar: – Drag rokkar ved maktstrukturane

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åshild Livsdatter Brinchmann Løvvig, også kjent som drag-kongen «Briar The VaudeVillain», sit framoverlent ved pulten sin.

Ho har festa eit lausskjegg på eit isoporhovud, og ho bruker hårnåler som små krølltenger som ho tvinner dei korte skjegghåra rundt.

Drag er ikkje nokon hobby for dei som ikkje likar putlearbeid.

Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Åshild Livsdatter Brinchmann Løvvig, også kjent som Briar The VaudeVillain, viser fram ein av fleire lausbartar. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Ikkje eit opprør

I ei eske har Løvvig skjegg og lausbartar for tusenvis av kroner. Ho har gått til innkjøp av store burlesque-vifter og ein skreddarsydd vest.

Men mest av alt leitar ho etter gode funn på bruktbutikkar når ho skal kle opp «Briar». Deretter vert plagga som regel møysommeleg pynta med smykkesteinar.

Igjen: putlearbeid.

Løvvig byrja først med burlesque, før ho i 2017 fekk augene opp for kva ho kunne uttrykke gjennom drag. For henne handlar kunstformen mest om å skape ein karakter og å gå inn i ei anna rolle.

– Eg har aldri følt meg bunden av kjønnsrollene, så eg har ikkje hatt noko behov for å gjere opprør mot dei, seier ho.

Trykk på bileta for å gjere dei større.

Byrja som wrestlar

På eit kontor på Tøyen møter vi Helle Munthe-Kaas, også kjent som «Erik Sjon».

Munthe-Kaas har lenge drive med wrestling, men under pandemien vart det full stopp.

For å få utløp for kreativiteten, byrja ho i staden å eksperimentere meir med drag-sminke. Ho vart invitert til å delta i Eurovision Lipsync Contest, og ho kjende at det fenga.

Klikk på bileta for å gjere dei større.

Munthe-Kaas trekker linjer mellom wrestling og drag. Begge deler handlar om å gå inn i ei rolle og lage eit show. Men wrestling gir litt fleire blåmerker.

– Vil skape større rom for skeive

Drag-karakteren Erik Sjon er ein typisk «metalhead». Han er inspirert av folk Munthe-Kaas har sett og møtt i heavy metal-miljøet – både på scena og ved bardisken.

På den eine sida er Erik Sjon ein parodi, men samtidig er han eit uttrykk for ein del av henne sjølv.

– Eg ønsker å skape eit større rom for skeive i metal-miljøet. Det er ikkje heilt akseptert. «Gay» vert framleis brukt som eit skjellsord om nokon ikkje er tøffe nok, eller er for forfengelege, seier ho.

– Då ønsker eg i alle fall å skape ei trygg sone rundt meg.

Første gong på scena

Vi beveger oss vidare til Langhuset på kulturarenaen Salt Art & Music i Oslo. Det er duka for Bois Night.

Katinka Steensgaard, også kjent som «Elektra Puzzz», er hjernen bak showet. Steensgaard er produsent i Open Drag Stage og medlem i drag-kollektivet Princessilicious.

Det siste året har ho skrive masteroppgåve om drag og maskulinitet. Showet er ein del av oppgåva, og eit resultat av ei rekke workshoppar. Både ferske og røynde drag-kongar skal opptre på scena denne kvelden.

Katinka Steensgaard, aka Elektra Puzzz, er hjernen bak Bois Night. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Gir sjølvtillit

Drag-sminke dreier seg gjerne om å etterlikne og forsterke strukturar i ansiktet ved hjelp av kontur og høglys. Typisk for drag kings er å framheve kinnbein, panne, augebryn og eventuelt skjegg for å få eit maskulint uttrykk.

Steensgaard fortel at det skjer noko med ein person når ein går gjennom drag-transformasjonen. Når ein tar på seg sminken, vert ein påverka av det.

– Ein kjenner seg bra og får sjølvtillit. Korleis du ser ut i ansiktet, kan påverke korleis du kjenner deg. Det kan verke som at det kjennest stort første gongen ein gjer det, når det er heilt nytt for ein, seier Steensgaard.

Briar the VaudeVillain gjer seg klar til show. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ein del av workshoppane har dreid seg om nettopp å reflektere rundt maskulinitet. Steensgaard trudde i forkant at det ville komme mykje kritikk av mannlege, negative stereotypar. I staden fekk dei utfordra fordommane sine, og vart meir bevisste på sin eigen maskulinitet.

– Det starta prosessar i oss, der vi reflekterte, nyanserte og eigde maskuliniteten vår meir, seier ho.

– Går utover alle

Steensgaard meiner at det har ein verdi for alle å snakke om maskulinitet.

– Det vi kan kalle «toxic masculinity» eller hegemonisk maskulinitet, er idealet i den vestlege verda. Mannen skal vere tøff, jage etter kvinner og ikkje vise kjensler. Det går ut over kvinner, men det er også skadeleg for menn. Det ser vi mellom anna i form av at sjølvmordsstatistikken er høg blant menn, seier ho.

Katinka Steensgaard, aka Elektra Puzzz utforsker positiv maskulinitet i eit nummer som stiller spørsmålet: Kva ville eg stått i dersom eg var fødd som hankjønn? Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Levi Lust trådde inn i rolla som Scar frå Løvenes Konge. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Helle Munthe-Kaas opptrådde som presten Claude Frollo frå Ringeren i Notre Dame. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Drag kings rokkar ved makt-maskuliniteten som tener på å sette motsetnader mellom menn og kvinner, meiner Steensgaard.

– Ein kan snakke om korvidt det finst maskulinitet og femininitet. Det at menn skal vere maskuline og kvinner feminine, er ein menneskeskapt idé, men det påverkar oss så mykje. Det er spanande å utforske. Vi kan belyse, rive frå kvarandre, skape andre versjonar og lausrive oss. Etter at ein har definert boksane, kan ein leike med dei, seier Steensgaard.

Bryt normane

Historisk sett har det vore ei politisk handling å kle seg i drag offentleg. Kunstforma har vorte ein viktig del av skeiv kultur. Steensgaard definerer drag som noko meir enn berre «crossdressing»: Det må ha ein skeiv dimensjon og ein intensjon om å belyse maktstrukturar, til dømes heteronormativiteten.

– Skeive, anten du er trans, homofil mann eller butch lesbe, opplever allereie å bryte normane. Drag har vore ein måte å fortsette med å bryte og synleggjere desse normane på, på scena, seier ho.

I dag har drag fått ein større underhaldningsdimensjon. Drag queen-uttrykket er det som har brote mest gjennom i samfunnet og på TV, mellom anna gjennom reality-programmet RuPaul’s Drag Race. Det har i større grad vorte ein business.

– Samtidig som ein no kan sjå drag heime i stova, har det vorte kommersialisert, seier Steensgaard.

– Treng allierte

No kjem drag for alvor til norske tv-skjermar, gjennom programma Drags og Drag me out. Sistnemnde følger norske kjendisar som vert transformerte til drag queens med hjelp frå etablerte artistar.

Allereie før premieren fekk programmet kritikk for å løfte fram streite kjendisar i staden for det skeive miljøet.

Etter å ha sett programmet, seier Steensgaard at det er positivt at kjendisane viser at det kan vere kult og frigjerande å uttrykke femininitet og omfamne skeiv kultur, og at dette når fram til følgarane deira – skeive som heterofile.

– Det skeive miljøet treng allierte som har privilegium og tyngde når dei ytrar seg. Det er betre at programmet eksisterer enn at det ikkje eksisterer. Så bra initiativ!

– Meir ved drag

Samstundes meiner ho at ein må kunna peike på manglane ved Drag Me Out. Ho meiner at programmet presenterer eit utydeleg og unyansert bilete av kva drag kan vere.

– Drag vert framstilt som menn som kler seg som overdrivne kvinneskikkelsar, men det er jo meir ved drag enn det. Discovery kunne lett ha fått inn nokre setningar her og der som nyanserer det, meiner ho.

Ho stiller også spørsmål ved konkurranseaspektet ved serien, og kva kriterium dommarane stiller til ei god drag queen.

– Eg håpar TV vil gjere fleire drag-konsept vidare, også etter 50-årsmarkeringa for opphevinga av paragraf 213, og at ein torer å satse på meir variasjon også. Og så tenker eg at vi som er utanfor denne dragnormen, må køyre på og framheve oss sjølve.

Hanne Fagerjord Karlsen, aka Levi Lust, på veg til sitt aller første dragshow. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg


– Mange har nok det inntrykket av at drag må vere ein homofil mann som er kledd ut som ei glamorøs og sexy dame. Det er stereotypien, fortel Jens Martin Hartvedt Arvesen. Foto: Karina Rønning