Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 23.06.2022 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blei veldig sjokkert, og tenkte «seriøst, skjer dette, drøymer eg no?»

I påskeferien fekk Sandra Lorenze Vestnes ein uventa telefon. Ho var plukka ut av statsforvaltaren til å representere Nordland på 18-årsfeiringa til prinsesse Ingrid Alexandra, og fekk spørsmål om ho kunne tenkje seg å delta.

– Sjølvsagt blei eg veldig, veldig glad, fortel 17-åringen frå Bodø entusiastisk på telefon til Framtida.no, ei knapp veke før dei store feiringa.

Litt seinare kom den offisielle invitasjonen på e-post.

– Han var veldig høgtideleg, og verka veldig kongeleg, fortel Vestnes.

Kongeleg feiring

21. januar fylte prinsesse Ingrid Alexandra 18 år. Det skulle bli markert med ei stor feiring, men ein viss koronapandemi sette kjeppar i hjula. No skal prinsessa endeleg få bursdagsgåva si frå regjeringa, nemleg ein festmiddag med kulturelle innslag på Deichman bibliotek.

Prinsesse Ingrid Alexandra blir denne veka feira med både middag frå regjeringa på Deichman og gallamiddag på Slottet. Foto: Ida Bjørvik, Det kongelige hoff

Blant dei 202 gjestane til den gjeve feiringa, finn vi 25 unge representantar frå alle fylka i landet.

Sandra Lorenze Vestnes er ein av desse. Ho synest det er svært spanande å skulle få møte dei kongelege.

– Eg er jo vaksen opp med å sjå dei på TV og slikt, så eg gler meg veldig.

Vil diskutere netthets med prinsessa

Viss ho får moglegheita til å prate litt med prinsessa under bursdagsfesten, vonar Vestnes samtalen vil handle om hjartesaka hennar – netthets og mobbing.

I 2020 tok Sandra og ei venninne eit oppgjer med den stygge språkbruken blant unge. I etterkant opplevde ho sjølv å bli trakassert på nett. Elevar på trinnet hennar hadde laga ein TikTok-video med bilete av ho, der bodskapen var at ho var stygg.

At Sandra er komen med på den celebre gjestelista til prinsessa, ser ho som teikn på at arbeidet ho har gjort mot netthets har blitt lagt merke til.

– Eg trur det handlar om at språkbruk, nettmobbing og netthets er veldig tabu. Det er ikkje så mange som pratar om det, og viss det er det, så er det gjerne vaksne. Men når det er ein ungdom som tar det opp, så blir det litt meir ekte.

17-åringen trur hets blant unge er vanlegare enn ein trur og at mange er redde for å seie ifrå, for viss ein pratar om det, er ein «ein snitch», ein tystar.

– Kva ville du spurt prinsessa om viss du fekk moglegheit til å snakke med ho? 

– Kanskje om korleis det er å vekse opp som kjent. Ho har ikkje valt det sjølv, å bli kjent, men er fødd inn i rolla. Korleis er det å oppleve å måtte ta dei rette vala heile tida, fordi alle ser på deg? undrar Sandra Lorenze Vestnes.

Ho peikar på at folk som er kjende i Noreg opplever mykje hets.

– Det kan hende ho har opplevd kommentarar, og ho er kanskje meir utsett enn andre.

Trudde ikkje på det

22. april skulle Pravin Selva ha russedåp på Hareid. Medan han venta på bussen som skulle plukke han opp, sjekka han mailinnboksen. Då tikka det inn ein invitasjon til Ingrid Alexandra sin bursdagsfest.

Nett som Ingrid Alexandra, fylte Pravin Selva 18 år i år, og han hadde planlagt ei like stor feiring som prinsessa med rundt 200 gjestar. Men, det blei ikkje noko av på grunn av koronareglane. Foto: Synnøve Overå Hide

Selva trudde først ikkje på det han såg.

– Eg tenkte at kven som helst kan lage ein sånn mail. Eg ringde nummeret som stod der og fekk beskjed om at det var ekte, men trudde framleis ikkje på det, minnest han.

Etter å ha snakka med statsforvaltaren sokk det endeleg inn. 18-åringen frå Hareid var nemleg valt ut som representant for Møre og Romsdal. Statsforvaltaren hadde vore på rundtur til kommunane i fylket, og let seg imponere av visjonen Pravin, som er leiar for ungdomsrådet i kommunen, la fram for Hareid og for korleis ein skal få unge til å flytte tilbake dit etter studietida.

– Det var veldig hyggeleg og spesielt for meg. Eg var heilt i ekstase!

Vonar å diskutere med Støre

No ber det altså til Oslo for kongeleg feiring. Dersom Pravin får huka tak i prinsesse Ingrid Alexandra, vonar han at dei vil ha ein hyggeleg prat.

– Eg har mange spørsmål om korleis det er å vere kongeleg, og korleis ein kvardag for ho er. Eg har fått med meg at ho er veldig glad i allmenne ting, som oss, så då er eg nysgjerrig på korleis ho kombinerer det med å vere kongeleg.

Pravin ser òg fram til å mingle med dei andre gjestane. Han vil gjerne diskutere politikk med statsrådane som er til stades. Ein gjest står øvst på ønskelista:

– Då er statsministeren så klart den eg håpar å få snakke med.

Jonas Gahr Støre. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Etikette

I tillegg til dei kongelege, gler Sandra Lorenze Vestnes seg til å treffe dei andre ungdomsrepresentantane på den store festen.

– Eg fylte 17 år for eit par veker sidan, og er den yngste som reiser, så det synest eg er litt skummelt.

– Har du kontroll på kongeleg etikette og korleis du skal tiltale dei kongelege?

– Nei! kjem det raskt, med latter i stemma.

– Eg trur det er «hennes kongelige høyhet» ein skal seie, men vi får sikkert vite det. Det er ikkje kvardagskost, for å seie det sånn.

Pravin Selva har på si side googla korleis ein skal oppføre seg rundt dei kongelege.

– Så eg føler eg har litt kontroll. Men vi fekk beskjed av utanriksdepartementet, som er dei som arrangerer, om å vere oss sjølve.

Kongeleg kleskode

Sandra Lorenze Vestnes fortel at den kongelege invitasjonen kom med ein kleskode, så ho har antrekket for bursdagsfesten klart.

– Det blir bunad! Eg har blå nordlandsbunad.

Sandra Lorenze Vestnes skal ha på seg bunaden sin når ho skal feire prinsesse Ingrid Alexandra. Foto: privat

Pravin Selva har også planlagt antrekket for den store festen.

– Eg tenkte at dette var ei perfekt anledning til å skaffe seg smoking, så eg drog til Ålesund og kjøpte det. Eg ser på det som ei investering.

– Vi er bursdagsgåva

Når ein er invitert i bursdagsselskap, tar ein jo gjerne med gåve. Men det er ikkje lov i bursdagen til prinsesse Ingrid Alexandra, avslører Sandra Lorenze Vestnes.

Men, ho har likevel ordna ei merksemd til den framtidige dronninga. Mora til Sandra blei nemleg svært gira då invitasjonen til den kongelege bursdagen kom.

– Mamma er nesten meir spent enn meg! Ho har ei venninne som driv med scrapbooking, og då invitasjonen til feiringa kom, spurte ho om vi skulle lage eit kort. Før eg fekk tenkt meg om, hadde ho ordna det. Så eg har eit kort som skal sendast til Slottet.

Pravin Selva peikar på at føremålet med myndigheitsdagen til prinsessa er at ho skal bli kjent med folket ho skal leie.

– Så vi er jo gåva frå statsministeren, ler han.


Kollasj av Framtida.no. Bakgrunn: Ida Bjørvik / Det kongelige hoff / NTB. Innfelt: . Foto: Handout / Slottet / NTB. Krone: Colourbox