Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kina får kritikk for måten dei behandlar den muslimske uigurbefolkinga i regionen Xinjiang. 

Menneskerettsgrupper hevdar at Kina i løpet av dei siste åra mellom anna har halde over ein million uigurar i det som blir kalla omskuleringsleirar, at uigurane blir brukt til tvangsarbeid og at uigurske kvinner blir tvangssteriliserte. 

Lat oss kikke nærmare på situasjonen:

Kven er uigurane?

Uigurane er eit folk av tyrkisk avstamming. Dei snakkar eit eige språk, uigurisk, som er eit tyrkisk språk. I dag bur ein del av dei i Usbekistan, Kazakhstan, Kirgisistan og særleg i Kina. Det er i Kina ein finn mesteparten av uigurane i verda.

Dei kinesiske uigurane held til i Xinjiang-området, som er ein autonom region i nordvest-Kina. Det vil seie at regionen, som også blir kalla Aust-Turkestan, har status som sjølvstyrt. Kinesiske styresmakter har likevel stor innverknad der. 

Flesteparten av uigurane er muslimar, og området deira er den einaste kinesiske regionen med muslimsk fleirtal.

Xinjiang-regionen i Kina markert med raudt. Det er den største admiinstrative eininga i landet, og er attraktiv for Beijing på grunn av olje, gass, bomull og nærleiken til Sentral-Asia og Europa. Illustrasjon: TUBS, CC BY-SA 3.0, Wikipedia

Uigurane utgjer den største gruppa av den opphavlege befolkinga i regionen. Ein finn ulike tal på kor mange uigurar som bur der, men ein del medium reknar at det er rundt 12 millionar uigurar i Xinjiang.

Ifølgje SNL utgjorde han-kinesarar (den etniske gruppa majoriteten av kinesarane høyrer til) 8 prosent av befolkinga i Xinjiang i 1949, då Folkerepublikken Kina blei oppretta. Sidan 1975 har dei utgjort rundt 38 prosent av befolkinga, medan om lag 48 prosent av befolkinga er uigurar.

Dei siste tiåra har Kina drive ein politikk for å assimilere befolkinga, altså gjere dei meir kinesiske, og innvandring av etniske kinesarar til regionen har auka.

Kva er konflikten?

Ein del uigurar ønskjer politisk uavhengigheit frå Kina og at Xinjiang skal bli ein eigen stat, Aust-Turkestan. I ein kort periode i første del av 1900-talet var området sjølvstendig, før det i 1949 blei innlemma i Folkerepublikken Kina då han blei oppretta. 

Konflikten mellom kinesiske styresmakter og uigur-separatistar, som den yttarlegåande Aust-Turkestans Islamske Rørsle (ETIM), er ein pågåande konflikt som med jamne mellomrom har ført til valdelege samanstøyt. 

Militante uigurnasjonalistar utførte i 1990-åra nokre attentat og bombeaksjonar, noko Kina svara på ved auka militært nærvær, straffer og meir overvaking. I 2009 mista 197 menneske livet i opptøyar i Ürümqi, hovudstaden i Xinjiang.

Journalistar har fotografert ei uigursk kvinne som gret då ho besøkte eit uigur-distrikt som demonstrerte i Urumqi, hovudstaden i Xinjiang, torsdag 9. juli 2009. Sikkerheitsstyrker heldt eit fast grep om den spente Xinjiang-hovedstaden etter dagar med etnisk vald som drepte 156 menneske. Kinesiske leiarar lova å ta seg av dei som stod bak. Foto: AP Photo / Eugene Hoshiko)

Etter terroråtaka mot USA i 2001 skulda kinesiske styresmakter separatistar i Xinjiang for å samarbeide med terrornettverket al-Qaida, og dei har brukt «krigen mot terror» for å legitimere handlingar menneskerettsorganisasjonar og fleire vestlege land i dag reknar som menneskerettsbrot mot ein etnisk minoritet.

I tillegg til at muslimar blir sett på som ein trussel av det kinesiske kommunistpartiet, er Xinjiang-regionen viktig for Kina.

Det er den største regionen i landet, og han har mykje olje, gass og kol, i tillegg til at om lag ein femdel av bomullsproduksjonen i verda finn stad i Xinjiang. Regionen er òg sentral i Kina sitt store prosjekt The Belt and Road Initiative, eller Den nye silkevegen, med sin nærleik til Sentral-Asia og Vesten.

Kva skjer i Xinjiang no?

Sidan terroråtaket mot USA, og spesielt etter 2017, har den kinesiske presidenten Xi Jinping trappa opp «kampen mot terrorisme». Særleg dei siste åra har det internasjonale samfunnet retta blikket mot handsaminga av uigurane i Kina.

Vitnesbyrd frå uigurar i eksil, rapportar frå menneskerettsgrupper, satelittbilete og lekne dokument frå kinesiske styresmakter syner at Kina bryt menneskerettane til muslimane i Xinjiang-provinsen.

Uigarar vert utsette for kontrollforsøk, omfattande overvaking, tvangsarbeid og plasserte i interneringsleirar mot si vilje.

Interneringsleirar

FN uttalte i 2018 at Kina har plassert over ein million uigurar i interneringsleirar.

«Vi er djupt bekymra over dei talrike og truverdige rapportane vi har motteke om at Kina, under påskotet å kjempe mot religiøs ekstremisme og for å oppretthalde sosial stabilitet, har endra den uigurske autonome regionen til noko som liknar ein massiv interneringsleir som er innhylla i hemmeleghald.»

Det uttalte Gay McDougall, eit medlem av FN sin komité for avskaffing av rasediskriminering, og påpeika at provinsen likna ei slags «ingen rettar-sone».

Vidare sa McDougall ifølgje Reuters at medlemmar av uigur-samfunnet og andre muslimar blir handsama som fiendar av staten berre på grunn av deira etniske og religiøse identitet.

Årsaker til å bli sett i leirane kan vere alt frå å bere slør og praktisere religion til å ha vore utanlands. Dei som er i leirane blir sende dit utan tiltale eller dom, og mange personar har berre forsvunne.

Den kinesiske presidenten Xi Jinping. Foto: Ju Peng/Xinhua via AP

Hjernevasking, tortur og mishandling

Dokumentasjon frå mellom anna Australian Strategic Policy Institute (ASPI) og The Washington Post har bevist at det eksisterer leirar i Xinjiang.

I ein rapport frå september 2020 slår ASPI fast at det blir bygd nye leirar i stor skala. Forskarane har identifisert og kartlagt over 380 leiar som er nybygde eller har blitt betydeleg utvida sidan 2017 i Xinjiang. 61 av desse kom mellom juli 2019 og juli 2020, og av dei klassifiserer forskarane om lag halvparten som høgsikkerheitsfasilitetar.

Illustrasjonen frå ASPI syner konstruksjonen av ein interneringsleir i Konasheher i Kasgar i Xinjiang. Leiren opna i januar 2020, og har vakttårn, gjerde og ein mur. Anlegget er bygd rett ved ein skule som fram til april 2020 var finansiert av Verdsbanken. ASPI reknar at leiren kan huse rundt 10 000 menneske. 

Leirane er stengde for omverda, så det er vanskeleg å få innsyn i kva som går føre seg der.

Lekne dokument frå kinesiske styresmakter frå 2017, kjende som The China Cables, blei publiserte i 2019 av ICIJ, eit internasjonalt nettverk av undersøkande journalistar.

Dokumenta syner at intensjonen med leirane var å bruke dei som høgsikkerheitsfengsel med streng disiplin og straff, og syner korleis Kina overvakar og identifiserer potensielle kriminelle gjennom data og kunstig intelligens.

Folk i kø ved Artux City Vocational Skills Education Training Service Center i Kunshan Industrial Park i Artux i Xinjiang-regionen 3. desember 2018. Foto: AP Photo/Ng Han Guan

Landinfo, eininga for landinformasjon i utlendingsforvaltninga i Noreg, skriv i sin analyse av situasjonen at føremålet med leirane truleg er å gjere muslimane i Xinjiang til lojale borgarar av Folkerepublikken, og at det er sannsynleg at dei fleste opphalda er ufrivillige og at psykisk og/eller fysisk mishandling finn stad, men i uviss grad.

Personar menneskerettsorganisasjonen Amnesty har snakka med som har sloppe ut av leirane fortel om hjernevasking, tortur og anna mishandling.

Etter opphaldet i leirane kan dei innsette, eller «studentane» som Kina kallar dei, bli sende til tvangsarbeid ved fabrikkar.

Mot slutten av 2020 skreiv internasjonale medium som BBC og The Guardian at opptil ein halv million menneske blir tvungne til å plukke bomull. Det USA-baserte forskingssenteret Center for Global Policy publiserte i desember ein rapport basert på kinesiske regjeringsdokument som synte at fleire hundre tusen uigurar blei tvungne til å plukke bomull som statspålagd tvangsarbeid.

Ein bomullsplukkar i Hami i Xinjiang-regionen. Etter at H&M sa at dei ville slutte å kjøpe bomull frå regionen på grunn av rapportar om tvangsarbeid blei det sett i gang boikott av den svenske kleskjeda i Kina. Foto: Chinatopix Via AP

Overvaking

Kina blir òg kritisert for å overvake den muslimske minoriteten. I tillegg til politi og overvakingskamera, skriv Human Rights Watch i ein rapport at kinesiske styresmakter overvakar og finn potensielle kriminelle gjennom ein mobilapp, som er ein del av overvakingssystemet kalla Integrated Joint Operations Platform.

Ifølgje menneskerettorganisasjonen samlar systemet data om alt frå blodtype og høgd, til informasjon om straumforbruk og pakkeleveransar.

Dersom det blir oppdaga noko som blir sett på som mistenkeleg, blir styresmaktene varsla.

I ein intern Huawei-rapport avdekt av IPVM kjem det òg fram at det kinesiske teleselskapet har utvikla eit ansiktsgjenkjenningssystem som kan identifisere uigurar.

– Det vi fann var noko selskapet sjølv kalla ein «uigur-alarm», seier journalist Drew Harwell i Washington Post, som avslørte saka, ifølgje NRK.

Sjølv uigurar som lever i eksil i Europa, Asia og USA vert overvaka og truga av kinesiske styresmakter, syner ein rapport frå Amnesty. Også uigurar i Noreg fortel til NRK at dei blir overvaka i Noreg.

Overvakingskamera.i Beograd i Serbia. Styresmaktene hevdar at systemet frå kinesiske Huawei bidreg til å redusere kriminaliteten. Foto: AP Photo/Darko Vojinovic

Befolkingsnedgang

Kina, som lenge hadde eittbarnspolitikk, har nyleg kunngjort at det blir lov med tre barn per par, men i Xinjiang-regionen fortel forskarar om strenge prevensjonstiltak. Det har kome påstandar om tvungen sterilisering og at folk blir fengsla for å ha for mange barn.

Ein rapport frå Australian Strategic Policy Institute viser at fødselsraten allereie har falle med 48,7 prosent mellom 2017 og 2019. Ein fersk studie reknar at den kinesiske politikken for å redusere uigurbefolkinga kan hindre mellom 2,6 og 4,5 millionar fødslar i Xinjiang i løpet av 20 år, ifølgje Reuters.

– Dette viser verkeleg intensjonen bak den kinesiske regjeringa sin langsiktige plan for den uiguriske befolkninga, seier forskaren bak rapporten Adrian Zenz til nyheitsbyrået.

Korleis reagerer det internasjonale samfunnet?

Både styresmakter, handelsgigantar og kjendisprofilar har reagert på måten Kina handsamer uigurbefolkinga.

Styresmakter

USA erklærte i januar 2021 at dei reknar Kina sine handlingar mot uigurbefolkinga som «folkemord». Dei innførte boikott mot importerte varer frå Xinjiang med grunngjeving i rapportane om tvangsarbeid i området.

Også det britiske, kanadiske og nederlandske parlamentet har seinare brukt ordet «folkemord» om situasjonen i Xinjiang.

EU-parlamentet fordømte i desember Kina etter påstandane om tvangsarbeid i regionen. EU, USA, Canada og Storbritannia har alle innført sanksjonar mot Kina. EU innførte i mars 2021 sanksjonar mot kinesiske tenestepersonar og statlege selskap som dei meiner har vore involverte i menneskerettsbrot mot uigurane. Noreg har slutta seg til EU sine sanksjonar.

– Kina deler ikkje vår tru på demokrati og fridom. Berre sjå på korleis dei slår ned demokratiforkjemparar i Hongkong og undertrykker urbefolkinga uigurane. Samstundes brukar dei moderne teknologi til å overvake sine eigne innbyggarar på ein måte som aldri før i verdshistoria, har Nato-leiar Jens Stoltenberg uttalt til Dagbladet.

Generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg etter Nato-toppmøtet i Brussel i juni 2021. Foto: Torstein Bøe / POOL / NTB

Handelsgigantar

Uavhengige FN-menneskerettsekspertar oppmoda i mars i år selskap om å gå nøye gjennom forsyningskjedene sine. Ifølgje deira informasjon er meir enn 150 kinesiske og utanlandske selskap kopla til påstandar om alvorlege menneskerettsbrot mot arbeidarar frå minoritetsgruppa.

Anklagane om tvangsarbeid på fabrikkar og i bomullsplukkinga førte til at mellom anna kleskjeda Hennes & Mauritz ikkje lenger ville kjøpe bomull frå Xinjinag-området på grunn av uro for forholda der.

Kva svarer Kina?

Yrkesopplæring og omskulering

Kina har etter kvart erkjent at det finst leirar i Xinjiang, men dei nektar for at det som skjer i dei er brot på menneskerettane og undertrykking av ein etnisk minoritet.

Medan menneskerettsorganisasjonar skildrar leirane som fengselsliknande interneringsleirar, og til og med konsentrasjonsleirar, hevdar kinesiske styresmakter at det er snakk om «yrkesopplæringssenter» eller «omskuleringsleirar».

Der får uigurar og andre muslimar ifølgje Kommunistpartiet opplæring i yrkesfag, mandarin, juss og politikk for å ta del i arbeidslivet og unngå radikalisering. Formålet er å motarbeide «dei tre kreftene»: separatisme, terrorisme og fundamentalisme.

Falske nyheiter og sinofobi

Kinesiske styresmakter har òg kalla dei lekte dokumenta The China Cables for «rein fabrikasjon» og «fake news».

Kina avviser anklagane frå USA om folkemord, og hevdar at dei kjempar mot separatisme og islamisme i Xinjiang-regionen.

Dei avviser òg anklagane om at dei forsøker å minske uigur-befolkinga gjennom massesterilisering, og hevdar at påstandar om tvangsarbeid er fabrikerte. Nedgangen i fødselsraten blant uigurane i regionen hevdar kinesiske styresmakter er eit resultat av eksisterande fødselskvoter i regionen, samt utviklingsfaktorar som auka inntekt per innbyggar og betre tilgang til familieplanleggingstenester, ifølgje Reuters.

I starten av mai 2021 bad Kina andre land om å droppe ein FN-konferanse om situasjonen til den muslimske uigur-befolkinga i landet. Dei kalla konferansen antikinesisk, politisk motivert og ei innblanding i interne forhold

Sanksjonar

Kina har svart på dei vestlege sanksjonane med motreaksjonar, og har innført sanksjonar mot fleire selskap og mot ti europeiske personar. I kinesiske statskontrollerte medium har det òg blitt oppmoda til ein boikott av H&M og fleire andre selskap.


Les også: Kva er antibiotikaresistens og kvifor er alle så redde for det?

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen