«I Noreg er ytringsfridomen vorten ei slags heilag ku»

William Matteus Fonn (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksta fekk andreplass i Fritt Ord-konkurransen 2022 med tema Ytringsfridom. Teksta er omsett og republisert med løyve frå forfattaren.

I ei fengselscelle i Saudi-Arabia sit Badawi. Den såre ryggen har berre ein kjølig murvegg å støtte seg til. Her sit han, i live. Livet tek han ikkje lenger for gitt. Han skulle eigentleg trekt sine siste andedrag for ti år sidan. Då den vestlege verda fekk høyre om den unge mannen dømd til avretting, var det mange som ytra seg.

På grunn av dei sterke reaksjonane frå verda rundt, vart straffa mildna. Dommen vart 1000 piskeslag, ti års fengsel, 2,5 millionar norske kroner i bot og familien vart utvist frå Saudi-Arabia.

Dødsstraffa var svaret på dei regimekritiske spørsmåla Raif stilte på bloggen sin. Han vart skulda for blasfemi og apostasi, og vart dømd til 1000 piskeslag, bot og fengsel.

1000 piskeslag fordi han sa det han tenkte.

No sit han i ei fengselscelle og soner for det han har ytra. Raid har aldri hatt nokon ytringsfridom, likevel skreiv han det han meinte, på bloggen sin.

Ensaf Haidar, kona til Raif Badawi, fekk Sakharovprisen på vegner av ektemannen i 2015.
Foto: Europaparlamentet/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

I Noreg er stoda annleis. Her kjenner unge på frykt for netthets, at terskelen vert høgare for å delta i den offentlege debatten og synest det er vanskeleg å vete korleis ein kan bruke stemma si. Det kjem fram i ein rapport frå Ungdommens Ytringsfrihetsråd.

I Noreg, kjempers fødeland der kjempene på Eidsvoll har sikra oss over 200 år med ytringsfridom, synest no dei unge at det er vanskeleg å ytre seg.

Problema som kjem fram i rapporten til rådet er reelle. Det er ikkje nødvendigvis enkelt å ytre seg offentleg, men det har det kanskje heller aldri vore. Det er ikkje kostnadsfritt å ytre seg, men vi må gjere det likevel, for det kan kome til å koste mykje å la vere.

I det ideelle samfunn ville ein nok ønska at det var kostnadsfritt å heve stemma og seier det ein meiner. Sjølv om dette ikkje er tilfellet, har ikkje samfunnet råd til at vi som veks opp no, skal la vere.

Samfunnet treng unge stemmer i debattane.

Samfunnet treng unge stemmer i debattane. Det er fordi det er så mange stemmer som aldri vert talte. Difor treng vi meir enn nokon gong modige ungdommar som torer å ytre seg for å skape ei betre framtid for sin generasjon.

I ei verd der ytringsfridom er gratis, risikerer ein å trakke på tær og krenke, men menneske sine meiningar vert tolererte. I ei slik ideell verd torer alle å seie kva dei meiner, og alle har ei ytring å kome med i ny og ne.

Vi lever ikkje i ei ideell verd. I vår verd er over 82 millionar menneske på flukt frå krig, svolt og forfølging.

I vår verd sikrar Noreg seg vaksinedosar til hele landet før Tanzania har fått ein einaste ein.

I vår verd lever 40 millionar menneske i slaveri.

I vår verd lever 300 millionar kristne under forfølging fordi dei vedkjenner det dei trur på.

I vår verd vert tusenvis av russarar arresterte fordi dei står opp for det dei meiner er rett.

I vår verd vert aktivistar fengsla fordi dei seier det dei tenkjer.

I vår verd trengst det meir enn nokon gong at nokon ytrar seg og seier frå.

Bilete syner politiet arrestere ein person som demonstrerer mot den russiske invasjonen av Ukraina. Bilete vart teke 26. februar 2022 i Moskva. Foto: AP Photo/Dmitri Lovetsky

Nokre av desse gruppene har heller aldri hatt nokon ytringsfridom. Likevel set media søkelys på dei små gruppene i vestlege demokrati som innimellom føler dei mister ytringsfridomen. I Minsk sine gater og i eit fengsel i Iran er det ingen ytringsfridom å miste. Dei har aldri hatt mogelegheita til å heve stemmen. Kven lyttar til deira tause stemmer?

At vi som har ytringsfridomen ikkje brukar han, er eit luksusproblem. Fordi han er ikkje sjølvsagt for alle.

I Noreg må vi vege fridomar opp mot kvarandre. Retten til å demonstrere må verte vege opp mot smittevern. Ytringar i form av netthets må verte vege opp mot utsette grupper, som vert stigmatisert.

I dei autoritære landa er det meir enn netthets og smittevern som står i vegen for eit godt debattklima. I land der terskelen er skyhøg for å ytre seg, der ein risikerer livet for å meine, finn ein likevel modige menneske som står opp for fridomen.

I Noreg derimot, er ytringsfridomen vorten ei slags heilag ku, som vert mjølka av nettroll i deira aggresjon mot hatobjekt. Det vitnar om at vi kanskje har vorte bortskjemte.

At vi som har ytringsfridomen ikkje brukar han, er eit luksusproblem.

Medan nettrolla kagar sine økosystem av Facebook-sider og lukka grupper, finst det byar i verda der internett er forbode (Mosul, 2016). Urettferda av å ikkje få kronikken sin på trykk i Aftenposten kan ikkje verte målt med den urettferda som finst i andre samfunn. Samfunn der jenter ikkje får gå på skule, samfunn der staten stenger ned internettet i valår, samfunn der dei går på gudsteneste i frykt for å verte skotne.

Nokon må fortelje om denne urettferda. George Orwell sa så klokt: «Viss fridom betyr noko som helst, betyr det retten til å fortelje folk det dei ikkje ønsker å høyre». Sjølv om mannen i gata ikkje vil høyre noko, betyr det ikkje at det ikkje er sant. At det ikkje er populært å høyre om menneske på flukt og land i krig endrar ikkje på faktumet at vi lever i ei verd med både flukt og krig.

Ytringsfridom er ikkje at det er låg terskel for å ytre seg, men at ein har mogelegheita til å ytre seg. Med mogelegheita til å ytre, følgjer også eit ansvar for å ytre. Eg trur det handlar om å stille spørsmålet: Kven er det vi aldri høyrer i ein debatt? Kven talar deira sak? 

Journalistar, forfattarar og modige ytrarar vert kvar dag fråtekne retten sin til å skrive og tale. I mange land i verda vert det kriminalisert å stille ubehagelege spørsmåla til sine leiarar. Vi må ta den ustanselege kampen mot slike autoritære leiingar. Og det handlar om meir enn profilrammer på Facebook.

Det kan koste dyrt å vere ueinig. I Egypt, Tyrkia og Malaysia og så mange fleire land kostar det å meine. I Nigeria vart 22-åringen Yahaya Sharif avretta for blasfemi. Han betalte den dyraste prisen ein kan betale for det ein har skrive og sagt.

Å ytre seg har ein stor kostnad for mange menneske. Det som kostar dyrt, er verdifullt. Noko det er stor etterspurnad etter, har ein høg pris. Ja, ytringsfridomen er verdifull Forvaltar vi han riktig?

Med mogelegheita til å ytre, følgjer også eit ansvar for å ytre.

Vi er vande til å ha mange verdiar i Noreg. Vi har meir pengar enn dei fleste, meir tilgang på vatn og meir mat enn dei fleste. I andre delar av verda er det menneske som svelt. Er kloden fattig på ressursar? Nei, nokon har overflod og andre har mangel. Det er berre skeivt fordelt.

I ei verd der ytringsfridom er mangelvare, kva om ytringsfridomen også berre er skeivt fordelt? Kva om vi på same måte som vi kan sløse med mat og ressursar, sløsar med ytringsfridom? at ein sløsar den vekk på kommentarfelt og digital skyttargravskamp, i staden for å bruke han i ei teneste som er ytringsfridomen verdig: å tale dei stemmelause si stemme.

Sidan så alt for få i vår verd har ytringsfridomen, må vi sjå på han som ei gåve, men også som ei oppgåve og eit ansvar. Eit ansvar til å forvalte han. Når Saudi-Arabia får sitte i FNs menneskerettsråd, Qatar får arrangere fotball-VM og Kina får arrangere vinter-OL, kan det verke som nokon har lagt att ansvaret sitt ein stad.

Eit steg tilbake – tilbake til Norge. Her sit ungdommar med både hendene og menneskerettsrådet sin rapport i fanget. Rådet oppfordrar skular og utdanningsinstitusjonar til å legge til rette for meir debatt og dialog. Vi treng debatt og dialog, men mest av alt treng vi fleire unge samfunnsdebattantar som kjenner på ansvaret for dei som aldri kan verte samfunnsdebattantar. Deira ytringar kan få konsekvensar, setje spor og endre verda.

Kva hadde skjedd om ingen ytra seg då Raif Badawi skulle avrettast? Kva hadde skjedd om ingen protesterte, nekta og brukte sin eigen ytringsfridom til å stå opp for andre sin? Det kunne i verste fall kosta Badawi livet. No kjem ein generasjon der mange ikkje torer å stå opp for seg sjølv, kor mange vil då tore å stå opp for andre? 



William Matteus Fonn (17) frå Namsos vann skrivekonkurransen om fritid, arrangert av Framtida.no og Foreningen !les. Foto: Karoline Fonn