Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som ung var Emil André Erstad (f. 1991) ein stereotypisk kristenkonservativ mørkemann. I mange år har han vore kjent for dei sterke meiningane sine. Han meinte homofili var synd og at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort.

Desse meiningane fekk han blant anna opp og fram i politikken, der han har vore ein av Hareide sine næraste rådgjevarar på Stortinget og er tidlegare leiar i KrFU.

Men så byrja han å tvile.

I boka prøver han å finne ut kvifor han kunne bli så konservativ som han blei – men og kvifor han etter kvart byrja å tvile på måten han tolka Bibelen på. Undervegs stiller han spørsmålet: Kvifor er det eigentleg slik at nokon endrar både tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet?

Snurrar rundt si eiga akse

Boka er ei eigaevaluering, der han presenterer tankar om livet på ein sår og ærleg måte. Deriblant om korleis den fundamentalistiske trua hans gjekk ut over forholdet til familien.

Her gir han og innblikk i kor formative tjueåra kan vera – med store pendelsvingar, både personleg, politisk og religiøst.

Det er inga tvil om at Erstad er god til å skrive. Likevel er boka umogen og egosentrisk – til tross for at han har ei spanande historie. Dette kjem blant anna fram i måten han omtaler kona i vi-form på:

«Vi måtte tilgi oss sjølv. Vi var for unge, vi var for konservative, vi var andre menneske. Vi prøvde å skape kjærleik, men vi visste ikkje korleis. Det kunne blitt annleis, men det vart ikkje annleis. Vårt beste var ikkje godt nok.»

Samla sett, er historia lite interessant i bokform på grunn av ei snever målgruppe.

Treffer likevel ei nerve

Sjølv om historia er snever, trur eg likevel ho vil treffe ei nerve hjå eit lite publikum. Blant anna meg sjølv.

Tatt i betraktning at eg ikkje kjenner Erstad, vart eg forbløffa over kor mykje reisa hans liknar mi eiga. Noko som har årsak i at me begge kjem frå kristenkonservative miljø på Sør-Vestlandet og har hatt store meiningsomveltingar etter at ein flytta til Oslo.

Det gjer at eg kjenner att mange av dei typane som Erstad skildrar. Og får meg til å tenkje at kanskje dei aller fleste har grobotn for å bli fundamentalistar under dei rette kåra. 

Derfor meiner eg at alle burde høyre delar av historia. Nettopp fordi biografien tek opp eit viktig tema om korleis samfunnet kan møte folk med ekstreme meiningar på ein sunn måte. Noko som utgjer det eg meiner er den einaste verkeleg interessante delen av boka.

Av den grunn vil eg anbefale biografien til dei som ynskjer å forstå meir av korleis nokon kan utvikle fundamentalistiske haldningar og kva ein som samfunn kan gjere i møte med dei.


Forfattar Maren Skolem drøymde om å verte ven med Harry Potter-skodespelar Emma Watson. Foto: Karina Rønning/Studio Elisenberg og Warner Bros.

Fakta om boka

Tittel: Mørkemann – mi reise til kristenkonservatismen og tilbake

Forfattar: Emil André Erstad

Utgitt: 2022

Sjanger: Biografi

Forlag: Samlaget

Sider: 126