Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tema: gjer det sjølv

Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Denne saka var først publisert på Framtida junior. Der kan du også lese om at det er vitskapeleg bevist at det er bra for deg å vere snill med andre.

– Du skapar noko som kjem ut av ditt eige hovud – og plutseleg sit du att med noko heilt nytt som ikkje fanst før.

Det seier oppfinnaren Erik Alfred Tesaker. Du kjenner han kanskje best frå NRK-serien Oppfinneren eller då han gjekk sigrande ut av Farmen kjendis i 2020.

Han var ikkje gamle karen då han fann ut at det var oppfinnar han skulle bli.

– Farfar hadde eigen fabrikk, der alt du kunne sjå var laga av skrot og skrammel og tre og alt mogleg rart, seier oppfinnaren og held fram:

– Når det kom nokon inn til han og ville bestilla mange av eit heilt nytt produkt, sette han seg ved omnen i tre dagar og konstruerte ei eiga maskin til det i hovudet sitt. Så gjekk han i verkstaden, bygde maskina og sette i gang med produksjonen.

Gamle handtverksteknikkar: Erik Alfred er glad i å bruka gamle handtverksteknikkar når han finner opp nye ting. – Gamle håndterrksteknikkar: trearbeid, skinn, stein: Haldbare. Viss du gjer det skikkeleg, og brukar skikkelege naturmaterial, vil du få eit kvalitetsprodukt som overlever deg, seier han. Foto: oppfinneren.no

Tenkjer i draumetårnet

Og akkurat dette med å tenkja nøye gjennom kva han gjer – før han gjer det, har Tesaker vidareført frå bestefaren. Han har faktisk sitt eige draumetårn. Der bruker han mykje tid.

– Dagen min startar klokka 06.00. Då lagar eg kaffi og så går eg til draumetårnet mitt. Der har eg ein egen stol som eg har bygd etter kroppen min, og eit spesielt bord som held kaffikoppen min klar.

I drømmetårnet: Her er Erik Alfred i drømmetårnet sitt – godt plassert i den spesiallaga stolen som passar han perfekt. Foto: Magnus Wintersborg

Trygt på plass i draumetårnet, koplar Tesaker heilt av.

Han meiner at noko av det viktigaste som finst, er å ha tid til å tenkja og til å dagdrøyma.

– Når eg skal laga noko, er det å tenkja, få det ned på eit ark og ikkje minst avgrensa og bestemma meg for korleis det skal gjerast, veldig viktig.

– Eg har lært at det beste er å tenkja gjennom kva eg skal laga og bestemma meg for det, før eg går i gang.

Ville ha heimelaga trehjuling i 17. mai-toget

So langt i livet har han laga mange forskjellige oppfinningar. Til mormora laga han ein mekanisk nøtteknekkar av ei rottefelle.

– Det var den første oppfinninga eg laga, og eg hugsar det som heilt magisk, seier han.

I ungdommen bygde han ein bil av gamle delar frå mopedar. Han har også laga ein sparkesykkel av tre, gamle mopeddelar og noko faren hans hadde kasta på søpla.

– Den gjekk faktisk i 60 km/t! Eg ville ha den i 17. mai-toget, men det fekk eg ikkje lov til, seier han og ler.

Har sin eigen oppfinnarpark

I nyare tider har Erik Alfred Tesaker bygd sin eigen oppfinnarpark i Lyngdal. På spørsmål om kva han er mest stolt over, slit han med å svara.

– Men noko av det siste eg har jobba med no, er ein møllekarusell. Der har eg sveisa fleire syklar saman i ein ring. Tilknytt denne er det ei mølle, så når ein syklar kvernar ein korn. Planen er at eg ein gong skal få til å frakta kornet inn i ein omn som lagar bollar, seier oppfinnaren.

Blir det bollar? Ein dag håpar Erik Alfred at han vil få til ein omn i enden av denne sykkelmølla. Då kan ein eta bollar som ein sjølv har brukt energi for å laga. Foto: oppfinneren.no

Han oppfordrar alle vaksne til å snakka fram barn som vil skapa noko, og meiner at den eldre garde burde vore flinkare til å heia på spenstige påfunn.

Erik Alfred sine tips til unge som har ein oppfinnardraum:

1: Du treng ikkje så mykje utstyr, men litt verktøy er lurt å ha.

2: Det viktigaste du har er ei teikneblokk og ein blyant. Då kan du skribla ned alle dei gode ideane dine. Når du har gjort det kan du starta bygginga. Hugs at det er mykje betre å byggja ein enkel ting, enn å byggja ingenting.

3: Tenk på det som gjer deg skikkeleg glad, eller det som gir deg sug i magen. Det viktigaste er at du jobbar med noko som gjer at du får eit himla gøy liv.

4: Finn din eigen lidenskap, om så det er oppfinning eller noko anna.


David Tørre Asprusten er quizforfattar. Foto: Privat