Ho er den yngste på Time si maktliste

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg veit ikkje om eg nokosinne har sett nokon meir disiplinert, motivert eller bestemt enn det Eileen er. Og hardt arbeid løner seg.

Det skriv friski-kollega Gus Kenworthy i sin hyllest til Eileen Gu hjå Time Magazine. Den 18 år gamle friskikøyraren er den yngste til å vere inkludert i magasinet si liste over dei 100 most influential people of 2022

Der deler ho spalteplass med tungvektarar som den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj, fredsprisvinnar Dmitry Muratov, Adele og Vladimir Putin.

Den yngste på lista nokosinne er Stranger Things-skodespelar Millie Bobby Brown, som var med i utgåva frå 2018, då ho var 14 år.

– Ein av tidenes beste kvinnelege friski-utøvarar

Eileen Gu er berre 18 år gammal, men har allereie haugevis med merittar i bagasjen.

I februar 2021 vart ho den første kvinna til å vinne tre X Games-medaljar som ein nybegynnar i konkurransen. I november same året vart ho den første kvinna til å utføre trikset «double cork 1440».

Men alt leia opp til årets vinter-OL i Beijing. Gu, som er fødd i USA til ei kinesisk mor, representerte vertsnasjonen Kina og ho skuffa ikkje.

18-åringen vann to gull, både i big air og halfpipe, og sikra seg i tillegg eit sølv i slopestyle. Med det vart ho den første friskiutøvaren til å vinne tre medaljar i eitt og same OL.

Friski-kollega Gus Kenworthy skriv at Gu har vist seg å vere ein av tidenes beste kvinnelege friski-utøvarar, og at ho har inspirert ein generasjon av jenter til å tre inn i ei mannsdominert verd.


Les også saka: Åtte kule kvinner du ikkje lærte om på skulen

Foto: George Percival Baker/Falle i det fri, George Grantham Bain/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom