Undersøking: Flest studentar ønskjer seg jobb i Equinor

Equinor går igjen som ein jobbfavoritt hos studentane, som i ei stor spørjeundersøking er spurde kor dei aller helst ønskjer seg jobb etter studia.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nær 11.000 studentar har delteke i undersøkinga, som er gjennomført av Universum, skriv Khrono.

Undersøkinga er delt inn i fem ulike fagområde: økonomi, ingeniør, IT, juss og humanistiske fag.

Equinor toppar lista i ingeniørfeltet, medan selskapet hamnar på pallen også i økonomi- og IT-feltet. Equinor er den einaste bedrifta som hamnar blant topp tre i tre av dei fem områda.

DNB toppar lista i økonomifeltet, medan Google er favoritten på IT-feltet. Innan juss er det jobb i politiet som er mest attraktivt, medan flest studentar ønskjer seg jobb i Oslo kommune innanfor humanistiske fag.


Tuva Todnem Lund er leiar av Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold