Konservativ nettstad brukte tusenvis av dollar på «anti-Heard»-innhald

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rettssaka mellom det tidlegare skodespelarparet Amber Heard og Johnny Depp har fått massiv merksemd i media den siste månaden.

Hollywood-skodespelaren Johnny Depp saksøkte ekskona Amber Heard grunna eit meiningsinnlegg i Washington Post frå 2018.

I innlegget skildra ho seg sjølv som «ein offentleg person som har opplevd vald i heimen». Depp meiner at det er tydeleg at innlegget omhandla han, sjølv om han ikkje blei nemnt med namn, og krev 50 millionar dollar i erstatning for ærekrenking.

Heard har levert eit motsøksmål på 100 millionar. Begge partar skuldar kvarandre for misbruk og vald. Rettssaka går føre seg i Fairfax i Virginia og går inn i si siste veke.

Fleire klikk enn krigen i Ukraina 

Undersøkingar av The Citizens for VICE World News avdekte nyleg at medieselskapet The Daily Wire har brukt titusenvis av dollar på å reklamere for det dei omtalar som misvisande artiklar som omhandlar rettssaka.

The Daily Wire er eit konservativt medieselskap grunnlagt i 2015 av den politiske kommentatoren Ben Shapiro og filmregissøren Jeremy Boreing. Nettavisa er for augneblinken den nest mest populære nyheitskanalen på Facebook I USA.

Til no har kanalen brukt mellom 35 000 og 47 000 dollar på å promotere artiklar som omhandlar rettssaka mellom Depp og Heard på Facebook og Instagram. Majoriteten av annonsane promoterer einsidige artiklar og videoar i Johnny Depps favør, og nokre av videoane har fått oppimot fire millionar visningar.

The Citizens analyserte data frå annonsebiblioteket til Facebook, som gav dei eit estimat på kor mykje ulike kanalar har brukt på annonsar. På denne måten kom dei fram til eit estimat på kor mykje The Daily Wire hadde brukt på å promotere artiklar som omhandla rettssaka på Instagram og Facebook.

News Whip er eit selskap som overvakar trafikken på sosiale medium. Ifølge data frå selskapet hadde innhald om rettssaka fleire interaksjonar per publiserte artikkel mellom 4. april og 16. mai enn alle andre tema på sosiale plattformer. Dette inkluderer tema som krigen i Ukraina og abortrettar i USA. «Pro Depp»- og «anti-Heard»-innhald har hatt spesielt mykje trafikk siste månaden. Dusinvis av kanalar har tusenvis av Facebook-annonsar som tener på rettssaka.

Promoterte artiklar med feilinformasjon

Den konservative nettstaden The Daily Wire har brukt tusenvis av dollar på å promotere videoar og artiklar om rettssaka mellom Johnny Depp og Amber Heard. Screenshot: The Daily Wire

Ein av annonsane til The Daily Wire promoterte artikkelen «The Attempted Character Assassination of Johnny Depp». Artikkelen inneheldt falsk informasjon og viste til ei tidlegare rettssak då Depp saksøkte tabloidavisa The Sun for å kalle han ein konebankar.

I The Daily Wire-artikkelen stod det at Depp på den tida kunne avkrefte 12 av Heard sine 14 skuldingar om vald. I realiteten tapte Depp rettssaka, og dommaren fastslo at skuldingane om vald hadde skjedd.

Vice World News har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå The Daily Wire, men nettstaden har endra artikkelen og lagt til eit redaktørnotat om at denne tidlegare hadde inneheldt feilinformasjon. Før artikkelen blei endra hadde The Daily Wire brukt mellom 20 000 og 25 000 dollar på å promotere han.