Då Jahn Ivar «Mini» Jakobsen var 20 år, var han nett ferdig på Bodø Gymnas. Han hadde byrja jobba på Aspmyra stadion og spelte for Bodø/Glimt.
– Det gjekk som regel i fotball og å «henge» med kompisar, seier han på spørsmål om kva kvardagen var fylt med i ein e-post til Framtida.no.
Toppscorar og på landslaget

Foto: Tor Richardsen / NTB
I Bodø/Glimt vart han toppscorar i kvar sesong han var med i, frå 1984 til 1987. I 1988 vart han kjøpt av Rosenborg, der han igjen vart toppscorar i 1988 og 1989.
Så god var han til å score mål, at utanlandske fotballklubbar fatta interesse, og i 1990-sesongen spelte han for sveitsiske BSC Young Boys.
Han var også innom Duisburg i Bundesligaen og etterkvart belgiske Lierse. Men i 1994 kom han tilbake til Rosenborg og vart verande til 2000.
I tillegg har han vore med på store landslagskampar mellom anna mot USA i 1994 og Frankrike i 1998.
Han spelte 65 landskampar for Noreg og scora til saman elleve mål.
TV-vand sjarmtroll

Men han har ikkje berre vore på fotballbana. Allereie i 1989 byrja han i underhaldingsbransjen som programleiar i Minitimen på Radio KonRad.
Året etter ga han og Trøndershowinistan ut «Minisangen» før cupfinalen mot Fyllingen i 1990.
Etter fotballkarriera jobba han som ekspertkommentator på TV 2 (1999-2016). I 1997 var han programleiar for TV-serien Minitimen som vart sendt på TV3.
I år har han vore å sjå på TV-skjermen igjen, først under Farmen kjendis og vidare i Torpet kjendis.
- Visste du at Mini, som eigentleg heitte Jan, bytta namn til Jahn med H, for å heidre favorittartisten: Jahn Teigen.
10 i skuddet og opprykk med Bodø/Glimt
20-årsdagen sin hugsar han ikkje, men han reknar med at det var bursdagsfeiring.
Det sterkaste minne frå tida, hugsar han likevel godt:
– At vi rykka opp med Bodø/Glimt frå 3. til 2. divisjon.
– Kva las du/såg du på/lytta du til?
– Eg er ikkje nokon bokmann, så det vart mest «10 i skuddet» på radio og mykje «moviebox» på kveldstid!
Målet var å bli fotballproff
Kva han skulle bli i livet, stod klart for han:
– Eg var ikkje ein gut som filosoferte så mykje, men målet var å bli fotballproff.
– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?
– Ingen på den tida som skilte seg ut

Om han hadde møtt seg sjølv som 20-åring i dag, ville han tenkt:
– Det var ein liten rappkjefta gut, men han er då blid!
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Lev i nuet og ikkje angre på ting du ikkje har gjort.
