Spire-Elise ville bede statsministeren på vegetarmiddag

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

–  I dag vert vi unge fortalde at vi må gjere det vi kan for å redusere vår eigen negative påverknad, samstundes som Noreg konsekvent prioriterer profitt over alt anna. Noreg tek på ingen måte sitt historiske ansvar, og det vert heller ikkje fordelt på ein rettferdig måte.

Elise Åsnes byrja først å engasjere seg på grunn av urettferda i klimakrisa.

No tek ho over roret i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire. Ho håpar å vere ein samlande leiar som klarar få organisasjonen godt ut av pandemien. Førebileta hennar er dei to føregåande Spire-leiarane, Hege Skarrud og Julie Rødje.

– Dei har gjort ein heilt enorm jobb for organisasjonen, og verkeleg løfta og fått fram den gode politikken til Spire, fortel ho på e-post til Framtida.no.

Rettferdig fordeling av makt og ansvar

Dei tre viktigaste sakene for organisasjonen det komande året er samstemt politikk, berekraftig landbruk og ei rettferdig maktfordeling, fortel Åsnes.

– Kva er dine eigne hjartesaker?

– Noko av det viktigaste for meg er at ansvaret for dagens kriser ikkje vert lagt på individet sine skuldrer åleine, og at ansvaret vert fordelt på ein rettferdig måte både nasjonalt og internasjonalt.

Åsnes legg til at ho føler seg heldig som får arbeide i ein organisasjon som har ein så tydeleg systemkritikk, samstundes som dei føreslår konkrete og rettferdige løysingar.

Om ho hadde vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta sagt: «Regjeringa tek Noregs historiske ansvar for verdas miljø- og ulikskapskrise, og sikrar ein samstemt politikk».

 Veggismat med Støre 

Den nyvalde leiaren fortel at Spire dei siste åra har vore både ein jobb og ein hobby, men no når det vert fulltidsarbeid kan ho omsider ta opp att strikkekarrieren sin. For å halde seg oppdatert lyttar Åsnes til Politisk kvarter kvar morgon.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Mobilen! Som mange andre brukar eg altfor mykje tid på han.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Det hadde vore fint å delt Spire-politikk med statsministeren over ein god vegetarmiddag (med norskproduserte grønsaker, så klart).

Elise Åsnes ville invitert statsminister Jonas Gahr Støre på veggismiddag. Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor.

– Kva er idealsamfunnet, og korleis når vi det?

– Idealsamfunnet er at alle menneske, uansett kor dei bur og kven dei er, skal ha tilgang på same økonomiske, sosiale, biologiske og kulturelle rettar og ressursar – og at desse vert forvalta på ein berekraftig og rettferdig måte, seier ho og held fram:

– Det kjempar Spire for, og vi trur at det kan verte nådd gjennom politisk påverknad, eit samla sivilsamfunn og aller helst – eit systemskifte.

– Kva bok burde alle lese, og kvifor?

– Linn Stalsberg si Etter pandemien.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Folkevalgt på NRK.

Foto: NRK

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– I desse dagar er det Bondeopprør av Sliteneliten.


Vossingen Synneva Gjelland spelar gitar og syng, Ylva Gulpinar frå Oslo spelar gitar, notoddingen Silje Strøm spelar tverrfløyte, levangsbyggen Inga Haugdahl Solberg spelar klassisk fiolin, Thea Marie Kvam frå Inderøya er trommis og flekkefjæringen Maria Refsland spelar bass. Foto: Signe Rosenlund-Hauglid

Fakta

Frå: Sandnes

Alder: 25

Personleg pronomen: Ho/henne

Yrke/utdanning: Har ei bachelor i utviklingsstudium, og leverer (veldig snart) masteroppgåve i utviklingsstudium på OsloMet.

Favorittfag på skulen: På vidaregåande var favorittfaget mitt biologi.

Ulike verv: Har vore aktiv og hatt verv i Spire sidan 2018. M.a. nestleiar, koordinator for klima- og naturutvalet og styremedlem i lokallaget i Oslo.

Medlem i: Spire