Her er det best og verst å vere skeiv i Europa

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aserbajdsjan, Tyrkia, og Armenia er igjen dei tre landa i Europa der det er verst å vere skeiv.

Av EU-landa er det Polen som får botnplasseringa, på 44. plass av 49. kartlagde land.

Det kjem fram av årets regnbogekart frå ILGA Europa. Kvart år sidan 2009 har paraplyorganisasjonen kartlagd menneskerettssituasjonen for skeive i ulike europeiske land.

Det var Blikk som først omtalte saka i Noreg.

Ber Noreg forby konverteringsterapi

Det beste landet å vere skeiv i er Malta. Middelhavsrepublikken tronar på toppen av lista for sjuande året på rad, og får i år heile 92 prosent av 100 mogelege. I 2016 vart Malta  det første landet i Europa til å forby konverteringsterapi.

ILGA Europa løftar fram fleire positive trendar frå siste året, som at Danmark innfører meir utfyllande diskrimineringsvern, Frankrike har forbode konverteringsterapi og Island anerkjenner foreldreretten til transpersonar.

Noreg var nest best i Europa i 2017, men er i år på fjerdeplass.

For å klatre på rangeringa igjen tilrår ILGA Europa at Noreg forbyr såkalla konverteringsterapi, innfører ein tredje kjønnskategori og sikrar at transpersonar og intersex-personar får tilgang på helsetenester i heile landet.

Storbritannia søkk

Men det er ikkje berre godt nytt.

20 land av 49 kartlagde har framleis ikkje noko vern mot hatkriminalitet basert på seksuell orientering. 28 har ikkje noko vern mot vald basert på kjønnsidentitet

For tredje år på rad har Storbritannia falle på rangeringa, og hamnar no på 14. plass. ILGA Europe viser mellom anna til at britane ikkje vil forby konverteringsterapi av transpersonar og ikkje leverer på lova reformar.

Samstundes peikar organisasjonen på transfobiske haldningar i media og frå politisk hald.

– Situasjonen i Storbritannia er ein trist påminnar om at når styresmakter ikkje står støtt i forpliktingane sine for å betre minoritetsrettar, så kan ein mektig opposisjon bruke det rommet til å spreie hat og splitting, seier Katrin Hugendubel frå ILGA-Europa.

Forbyr «promotering av homofili»

Paraplyorganisasjonen peikar vidare på ei auke i anti-LHBT-retorikk frå offisielt hald i både Bulgaria og Romania.

Samstundes fell Ungarn tre plassar ned, fordi parlamentet mellom anna har vedteke eit forbod mot å «promotere kjønnsidentitet som avviker frå kjønn tildelt ved fødselen, kjønnskorrigering og homofili» til personar under 18 år.

I Russland, som ligg på 46. plass, har det vore ulovleg å drive såkalla «propaganda om ikkje-tradisjonelle seksuelle relasjonar mot mindreårige» i fleire år, trass i at Den europeiske menneskerettsdomstolen har slått fast at ho bryt med menneskerettane.


Les også intervjuet med russiske Natalia: – Vi arbeider for eit samfunn der transpersonar ikkje er andrerangs borgarar

Russiske Natalia Soloviova arbeider for å betre kåra til LHBTI-personar i heimlandet. Foto: Privat