Denne vesle terrieren hjelper det ukrainske forsvaret med å sniffa seg fram til bomber og miner. No har presidenten i Ukraina gitt han heiderspris.
mm
Marte Husabø

Vesle og modige Patron, ein 2 år gamal Jack Russell terrier, er med i det ukrainske forsvaret. Han brukar supernasen sin til å snusa seg fram til bomber og miner i byen Tsjernihiv. I forbindelse med den pågåande krigen, gjer han ein kjempeviktig jobb for heimlandet sitt.

Ifølgje Daily Paws, hadde Patron sniffa seg fram til meir enn 90 eksplosiv sidan krigen starta i slutten av mars. No er dette talet oppgradert til 150, skriv CNN.

Kjendis i Ukraina

Innsatsen i krigen har gjort Patron til ein av dei mest kjende hundane i Ukraina. Kjendisstatusen har no gitt han meir enn berre godbitar, for søndag fekk han nemleg heiderspris.

Og den fekk han frå sjølvaste presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj.

Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj, i midten, og Canada sin statsminister Justin Trudeau, til høgre, på prisutdelinga der Patron fekk heltemedaljen sin. Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky

Fekk heiderspris

Prisen er eit symbol på innsatsen Patron har lagt ned, heilt sidan Russland invaderte Ukraina i februar.

Zelenskyj gav Patron og eigaren hans, Mykhailo Iliev, statsprisen «For Dedicated Service».

Prisen vart delt ut på eit møte med den kanadiske statsministeren, Justin Trudeau. Mineryddingslaget til Patron har nemleg brukt teknologi frå Canada i arbeidet sitt.

– Ingen maskin kan måla seg med nasen til hunden

Hundar er blitt brukt til å sniffa etter eksplosiv og miner dei siste 100 åra. Dei har rett og slett ein nase som er perfekt for dette arbeidet.

William Cronin, som er direktør for direktør for «American K-9 for Afghanistan og Mali, Vest-Afrika», beskriv hundenasen slik, i ein artikkel for den amerikanske hæren:

– Ingen maskin kan måla seg med nasen til hunden. Når du går inn på kjøkkenet til bestemora di, luktar du lapskaus. Men når hunden går inn på kjøkkenet til bestemora di, så luktar han gulrøter, pepar, tomatar og salat, fortel han.

LES OGSÅ

ANNONSE