Ekskludering og russetid: «Det gjer jævleg vondt»

Annika Sjøli
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget vart først publisert som video på TikTok, og er transkribert med løyve.

Hei! Eg ville berre snakke litt om det å ikkje bli inkludert, og å vere einsam.

Eg har vore einsam veldig lenge, heilt sidan eg mista min gamle venegjeng. Eg har hatt eit par vener her og der, men ingen som har vore der i det lange løp.

No, etter eg byrja på vidaregåande, er det veldig mykje prat om russetid og grupper, og det gjer så vondt å ikkje vere inkludert i noko.

Det følest ut som at dersom du ikkje er i nokon gjeng, blir du ikkje invitert til noko fram til russetida. Det å sitje heime kvar helg og sjå alle andre vere ute og legge det ut, det er så jævleg kjipt.

Eg har til og med spurt fleire: «Kunne de tenkt dykk å inkludere meg?» og eg føler meg så jævleg desperat. Det er så ekkelt å spørje, men eg har ikkje følt at eg har hatt så mange andre val.

Men eg får berre til svar at «det er litt vanskeleg», eller «gruppa vil ikkje ha fleire», og eg forstå det, og det er heilt greit, men det gjer jævleg vondt. Då veit ein på ein måte at ein ikkje bli invitert på noko dei neste åra.

Har ein ikkje ei gruppe, har ein ikkje så mykje. Eg trur dei fleste kanskje forstår kva eg meiner. Eg veit at det er fleire som er einsame, og sikkert har det sånn som meg. Eg unnar ingen å ha det sånn.

Eg skulle verkeleg ynskje at russetida ikkje hadde blitt ein så jævla stor del av liva til folk og at det er ein så jævla ekskluderande kultur.

Viss nokon ser dette, så berre ta kontakt viss du treng nokon å snakke med eller har det sånn som meg, for eg veit at det er jævleg vondt.


Her kan du sjå innlegget på TikTok:

@youngnlonely ❤️ #norge #mentalhelse ♬ original sound – safe place

Etter at Annika Sjøli delte videoen har ho fått fleire tilbod om å rulle, og mange har takka ho for at ho la ut videoen


Sonja Iren Johnsen (22). Foto: Privat