Iman Meskini får internasjonal merksemd for innsatsen ho gjer for muslimske ungdommar. Forsking viser at mange kvir seg for å gjere som henne i sosiale medium.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skodespelar og føredragshaldar Iman Meskini er på Forbes si europeiske 30-under-30 liste i kategorien sosial påverknad (social impact). Det amerikanske business-magasinet trekker fram unge profilar som har markert seg på ulike felt.
Forbes viser til at Meskini set i gang samtalar om representasjon for muslimske ungdommar i Noreg og andre land i Vesten. Det gjer ho mellom anna på Instagram, der ho har over 500.000 følgarar.
Ho har brote barrierar som den første kvinna som har brukt hijab i fleire situasjonar, mellom anna i førstegongstenesta og på coveret til magasinet Costume. Ho har også skrive bok om opplevingane hennar med å gå med hijab.
Meskini held dessutan føredrag og talar om korleis det var å vekse opp som muslim.
– Ei ære
På Instagram skriv Meskini at kåringa er den beste eid-gåva nokosinne. Ho takkar juryen og dei som har nominert henne.
– Det er ei ære, og eg ser fram til å ha kontakt med resten av the gamechangers, skriv ho.
Ho signerer innlegget med «Alhamdulillah» (Lova vere Gud).
Sjå dette innlegget på Instagram
Til VG seier Meskini at ho håpar plasseringa kan føre til fleire skodespelaroppdrag og ei større stemme også internasjonalt.
Fryktar stigma
Å dele eigne religiøse haldningar på sosiale medium er ikkje enkelt for alle.
Ifølge ein studie frå Universitetet i Agder, lar mange ungdommar vere å publisere religiøst innhald i frykt for å bli stigmatisert, bli stempla, miste vener eller av omsyn til karrieren.
Studien er basert på intervju med minoritetsungdommar med kristen og muslimsk bakgrunn i Noreg.
Særleg muslimske menn opplever at mykje står på spel dersom dei deler religiøst innhald. Dei fryktar å bli stempla som ekstremistar og bli sosialt ekskludert. Ein informant forskarane har snakka med, hevdar at det ville vore karrieresjølvmord for han å dele religiøst innhald i sosiale medium.
– Eg er veldig medviten om det. Diverre. Det skal ikkje vere sånn, for i eit demokrati skal vi alle kunne engasjere oss og ha eit meiningsmangfald, men sånn er det no, seier informanten i studien.
På den andre sida er det muslimske kvinner med hijab som mest aktivt deler religiøst innhald, og forsvarar religiøse verdiar i diskusjonar. Det kan koplast til at hijaben er eit veldig synleg symbol. Mange som ber hijab, vert utsette for trakasserande kommentarar og er vande med å måtte forsvare religionen sin.
Vil endre negativt bilete
Forskarane, førsteamuensis Ronald Mayora Synnes og førsteamuensis Irene Trysnes ved Universitetet i Agder, har sett på både muslimar og kristne. Dei skriv at muslimar har andre motivasjonar for å dele eller ikkje dele religiøst innhald, enn kristne.
Kristne vil gjerne dele for å vise den religiøse identiteten sin for venene sine. Det som held dei tilbake er frykta for å verte ekskluderte av dei ikkje-truande venene sine, som dei oppfattar som lite tolerante.
For muslimar handlar det meir om å konfrontere og endre eit negativt bilete av islam i samfunnet.
Forskar Irene Trysnes meiner at majoritetsbefolkninga må bli meir tolerante overfor religiøse ytringar.
– Når vi snakkar om integrering og at dei med minoritetsbakgrunn ikkje er demokratisk aktive, kan dette vere eit bidrag til å fortelje noko om kvifor, seier ho om studien til Vårt Land.
Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a) framtida.no!