«Som skeiv er eg enormt skuffa. Det bør ikkje vere valfritt å anerkjenne eksistensen vår»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

NB: Inneheld plottblottarar til filmen Fantastic Beasts: the secrets of Dumbledore.

Fantastic Beasts: The secrets of Dumbledore rullar over norske kinolerret, og fans over heile verda er begeistra for å endeleg få bekrefta Dumbledores skeive identitet. Den etterlengta portretteringa var nydeleg gjennomført.

Når Warner Bros vel å fjerne dei klare referansane til Albus Dumbledore og Gellert Grindewalds romantiske fortid for det kinesiske publikummet viser dei at skeiv representasjon berre er viktig når det er ei kjelde til pengar, og praktisk for dei.

6 sekund som endrar alt

Ein skulle kanskje ikkje tru at det å stryke seks sekund frå ein film kunne endre veldig mykje.

Warner Bros fjerna dei to linjene «Because I was in love with you» og «The summer Gellert and I fell in love», begge sagt av skodespelaren Jude Law, som speler den høgt elska rektoren på Hogwarts.

Dei seks sekundane som ryk i den 143 minuttar lange filmen, resulterer i eit karakterdrap som øydelegg både motivasjon og plott.

Ein dårleg kinogjest

Eg var i tvil på om eg skulle sjå filmen.

J.K. Rowling er allereie i hardt vêr i LHBTQ+miljøet grunna haldningar mot transpersonar, og ho har meir enn ein gong blitt stempla som TERF: trans-exclusionary radical feminist.

Mange unge skeive, og eg blant dei, fell for litteraturen, og kanskje særleg fantasy. Det tilbyr ein eskapisme – ei verkelegheitsflukt. Sjølv fall eg som yngre for Harry Potter, Artemis Fowl, seriane til Rick Riordan (som forresten er gode på representasjon av både LHBTQ+ og etnisitetar), og i seinare tid også Morrigan Crow, ei bokserie under produksjon, som også har skeive karakterar.

Eg enda med å sjå filmen, i ei blanding av nostalgi og bortforklaringar, og det gjekk om lag eit minutt eller to før linja blei sagt: «Because I was in love with you.»

Sad Harry Potter GIF by Warner Bros. Deutschland - Find & Share on GIPHY

Eg var ikkje forberedt på å grine så tidleg i filmen, og eg skal ærleg innrømme at eg var ein forferdeleg kinogjest. Eg var nok ganske til forstyrring for dei rundt meg, då eg konstant greip tak i bror min og mi mor, kviskra ting til dei, og sleit med å sitje stille.

Etterpå var eg så gira at eg bokstaveleg talt hoppa rundt på vegen ut. Mi mor og bror min kunne ikkje forstå kvifor eg reagerte så sterkt. Men det var representasjon som eg har lengta etter i heile min oppvekst. Eg visste at Dumbledore var homofil. Men no fekk eg historia. Eg fekk stadfesta at vi finst.

Og så, berre få dagar seinare, las eg artikkelen om at Warner Bros går med på å sensurere legninga deira i tråd med Kinas praksis om å ikkje «promotere» homofili.

Rowlings påståtte queerbaiting

Det blei aldri sagt i Harry Potter-bøkene at Dumbledore var homofil, og då J.K. Rowling sa i 2007 at han var det, var meiningane delte frå den skeive fansen. Som Rowling sa: Dumbledores tragedie var å falle for den briljante Grindewald, og det gav meining til forhistoria deira.

Nokre av fansen var i ekstase: (det som mange meiner er) ein av dei beste karakterane i HP-universet, var ein av dei. Skeiv representasjon er mangelvare, men Rowling gav dei det.

Andre meinte at forfattaren dreiv med queerbaiting – å gjere seg forlokkande for skeive, men utan å tilby reell representasjon.

Happy Harry Potter GIF by Warner Bros. Deutschland - Find & Share on GIPHY

For slik har skeiv representasjon vore opp igjennom – så subtil at ein skeiv lesar må både lese mellom linjene og dekode teksta, og det etter å ha lagt til ein god dose viljekraft og ønskedraum. Så usynleg har det måtte vore, for at dei skeive karakterane skulle overleve publikasjonsprosessen.

Det er nett difor Warner Bros heilomvending er så kritikkverdig: dei reduserer homofili til ein ønskedraum igjen.

Karakterens frie vilje

Men eg innsåg fort at eg ikkje berre var forskrekka over Warner Bros handtering fordi eg er skeiv sjølv. Eg blei skaka som forfattar.

Eg veit eit og anna om karakterbygging. Min føretrekte metode er å skape ein personlegdom, for å så å gje denne karakteren eit sett med utfordringar. Derifrå skal eg ikkje kontrollere korleis karakteren reagerer. Som forfattar observerer og loggfører eg korleis karakteren naturleg «vel» å løyse utfordringane.

Eg kallar metoden «Karakterens frie vilje», men det er ikkje ei universaloppskrift på karakterskriving. J.K. Rowling nyttar sikkert ein anna metode. Men både målet mitt og hennar er det same: å skape eit menneske så ekte at det kunne ha vore det. Ein karakter kan gjere kva som helst, so lenge du som forfattar kan rettferdiggjere det med resten av personlegdomen og historia.

Ved å fjerne dei eksplisitte skeive referansane, står historia igjen med «berre» ei antyding til eit intimt band, som ikkje er nok til å grunngje handlingane til verdas mektigaste trollmann. Det er korkje nok motivasjon eller friksjon til å rettferdiggjere reaksjonane deira.

Kinas haldning til homofile

Homofili blei avkriminalisert i Kina for 25 år sidan, og 4 år etter blei det fjerna frå lista over mentale lidingar. Likekjønna ekteskap og adopsjon er framleis forbode, og i 2016 blei det forbod mot «anormal sexual behaviours» i media.

CNN rapporterte i fjor at LHBTQ+samfunnet falmar frå regnboge til grå, med avlyste prideparader og sensur av skeive kjendisar. Ein rapport frå 2016 seier at berre 15 % av LGBTQ+personar er ute av skapet for sin næraste familie.

Openheita rundt skeive kunne altså vore langt betre. Desto viktigare er eksponering og aktivisme.

We must all face the choice

Ein talsperson frå Warner Bros forsvarte selskapets handlingar med å seie: «As a studio, we’re committed to safeguarding the integrity of every film we release, and that extends to circumstances that necessitate making nuanced cuts in order to respond sensitively to a variety of in-market factors».

Vidare sa dei at: «The spirit of the film remains intact».

Dette er problematisk på fleire nivå. Å seie at det å fjerne hovudmotivasjonen til det som gjev historia framdrift, for nyanserte kutt, er kunstnarisk sett heilt på trynet.

Argumentasjonen deira med å respondera med omhu er at skeive må gå stille i dørene om dei skal unngå storstyr. Det er å legge skulda på offeret, og det er å imøtegå bakstreverske haldningar for enkelheitas beste.

Men det var Dumbledore som i bok fire sa dei kjente linjene: «We must all face the choice between what is right and what is easy.» Warner Bros valde «enkelt».

Skeiv kjærleik er grunnen til konflikten og hans kompleksitet. Så korleis kan det ha seg at «the spirit of the film remains intact» når hovudmotivet er skåre vekk?

Filmens, og verkelegheitas, tragedie

Dei store selskapa er villige til å imøtekome underrepresenterte skeive når det er gunstig for selskapet. Men når det ikkje lenger er praktisk, er dei like villige til å ofre den same gruppa.

Om J.K. Rowling har godteke dette, eller om ho har hatt noko å seie på det i det heile, veit eg ikkje. Men som forfattar veit eg eitt og anna om karakterskaping, og eg veit at dette er brutal øydelegging av karakteranes natur. Og som skeiv er eg enormt skuffa. Det bør ikkje vere valfritt å anerkjenne eksistensen vår.

At Albus Dumbledore fall for Gellert Grindewald var kanskje karakterens tragedie, men verkelegheitas tragedie er utviskinga av identiteten hans.


Florida-guvernør Ron DeSantis signerer the Parental Rights in Education bill, også kalla Don’t say gay-lova. Foto: Douglas R. Clifford/Tampa Bay Times via AP