Ny undersøking: Di eldre ein er, di meir slurv med faktasjekken

Dei mellom 14 og 21 år er flinkast på å faktasjekke nyhendeartiklar, ifølgje ei fersk medievaneundersøking. Jo eldre ein blir jo meir slurvar ein med faktasjekken, syner undersøkinga.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei yngste er mest opptatt av faktasjekking, og så søkk det med generasjonane. 18 prosent av dei mellom 14 og 21 år faktasjekkar nyheiter dagleg ved hjelp av for eksempel faktasjekk.no, ved å lese faktasjekk-artiklar, artiklar i internasjonale medium, og norske nyhendekjelder.

Det fortel Joachim Gullaksen, leiar av Teknologi, Media og Telekom i Deloitte Norge, i ei pressemelding.

Det er Deloitte som presenterer tala i den i den årlege medievaneundersøkinga si.

Betre medieforståing hjå dei yngre

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

– Dei eldre bruker også færre metodar for å sjekke om ei sak er sann. Dei yngre har rett og slett betre medieforståing, og bruker fleire digitale verktøy for å sjekke. Men er det opplagt ein jobb å gjere for alle, sa Mari Velsand, Direktør i Medietilsynet, i paneldebatten til Deloitte i samband med funna.

Undersøkinga er gjennomført blant over 1.000 norske forbrukarar i alderen 14 til 82 år.

Dei blei spurt om mediavanar knytt til blant anna aviser og nyheiter, sosiale medium, podkast, og digitale einingar og plattformer.

1.023 nordmenn svarte på undersøkinga som blei utført av gallupbyrået YouGov for Deloitte.