Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 21.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det pleier å variere kva eg les i påska, men eg har sansen for tradisjonen med å lese krim. 

Det fortel Silje Ulstein på e-post til Framtida.no. Medan forfattaren frå Ålesund har planar om å ta fatt på krimmen Det ellevte manus av Anne Holt i løpet av påskedagane, er det kanskje mange som har teke med seg nettopp Ulstein sin debutroman på påskefjellet i år. 

Thrilleren Krypdyrmemoarer vart nemleg ein stor snakkis, som har hausta både kritikk og lovord, og eit terningkast 6 frå Dagbladet sin bokmeldar.

Pytonperspektiv

I Krypdyrmemoarer forsvinn elleve år gamle Iben spørlaust frå mor si, Miriam, medan dei er på handletur. Historia i den psykologiske thrilleren blir fortalt frå fem sysnviknlar, og ei av forteljarstemmene er ikkje mindre enn ein pytonslange(!)

Ulstein røpar at ho er i gang med eit nytt bokprosjekt. Ho har fått tips om å lese ei bok i samband med det pågåande prosjektet, så om tida strekk til i påska, vil ho òg lese I skyggen av det som skal skje av Torolf Elster.

Medan vi ventar på kva det kan bli til, tar vi ein titt i bokhylla til forfattaren!

Omslag: Gyldendal / Forlaget Oktober / Vintage / Den norske bokklubben

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Solgt av Aina Skoland. Ho er ei god venninne av meg som nettopp har debutert som thrillerforfattar, til terningkast 5 i Dagbladet.

Kva bøker les du helst?

– Eg les gjerne i ulike sjangrar, men mest romanar og krim. Eg les gjerne romanar med ein mørk tematikk, der vi kjem tett på hovudpersonen og blir stilt andlet til andlet med menneskelege skuggesider. Men eg elskar òg bøker som berre er leikne og fantasifulle.

Kor les du? 

– I senga, i stolen min, eller på trikk, tog og bane. Eller eg høyrer på lydbok medan eg går eller gjer husarbeid.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Mor mi las mykje til meg som liten, og eg høyrde òg mykje på lydbok. Frå dei tidligaste åra hugsar eg at eg elska alt av rim og regler. Eg lærte meg dei utanboks slik at eg kunne late som eg las sjølv.

– Så blei eg fora med barnebokklassikarar som Astrid Lindgren, Anne Cath Vestly, Roald Dahl og Thorbjørn Egner, og etter kvart las eg mellom andre Klaus Hagerup, J.K. Rowling og Jostein Gaarder på eiga hand.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Omslag: Pax Forlag

– Eg har eit sterkt minne av å lese Jonas av Jens Bjørneboe som tenåring, og kjenne at eg hadde oppdaga noko stort. Noko av det samme skjedde då eg las Lasso rundt fru Luna av Agnar Mykle. Eg er ikkje så sikker på om desse bøkene ville gjort like sterkt inntrykk i dag, men den gongen var det magisk. Ein annan forfattar eg var veldig begeistra for i tenåra var Stephen King, som eg trur har prega den seinare skrivinga mi i stor grad. 

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive? 

– Eg har vel stort sett lyst til å skrive mine eigne bøker, ikkje nokon andre sine. Men det er jo gøy å førestille seg at eg hadde skrive Harry Potter-bøkene.

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg veit ikkje med undervurdert, men eg synest det er rart at ikkje kortprosasjangeren er meir populær enn han er. Sjølv likar eg i alle fall å lese korte, underhaldande forteljingar, til dømes av norske Olav R. Øyehaug, Joakim Kjørsvik og Cesilie Holck.

Kva meiner du gjer ei bok god? 

– Det er eit stort spørsmål, spesielt for meg som har litteraturutdanning. Det finst mange forsøk på å setje objektive kriterium på god litteratur, men gode bøker er som regel gode på forskjellige måtar.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

– Den einaste eg kjem på i farta, er den unge politibetjenten Ronja Solskinn frå min eigen debutroman Krypdyrmemoarer, som eg føler eg kan relatere mykje til i det å vere ung og fersk i jobben og usikker i kjærleiken.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– No skal eg faktisk ete middag med Hans Olav Lahlum om ikkje så lenge, det blir hyggeleg.

Silje Ulstein gler seg til å ete middag med Hans Olav Lahlum, som òg er krimforfattar. Foto: Agnete Brum / Cappelen DAmm

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Det trur eg måtte blitt Gabriel Garcia Marquez, fordi språket hans gjer meg lykkeleg. 

Kva for ei av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Eg har jo berre skrive éi bok, så då må det bli Krypdyrmemoarer. Det hadde vore fantastisk å sjå boka filmatisert. Eg har for meg at Noomi Rapace ville ha spelt hovudrolla Liv godt, men det er ein fare for at ho ville blitt for lik på Lisbeth Salander.


Til venstre er 20 år gamle Gunnar Staalesen i uniform i militæret. No er han ein av Noregs mest kjende krimforfattarar. Foto: privat / Helge Skodvin, Gyldendal

Fakta

Namn: Silje Ulstein

Alder: 37 år

Frå: Ålesund, men bur i Oslo

Utdanning: Mastergrad i litteraturformidling, og årsstudium i skapande skriving frå Skrivekunstakademiet

Yrke: Saksbehandlar hjå Universitetet i Oslo, forfattar

Kor mykje les du? Som regel 40-50 bøker i året.