Koronaendringar i vallova kan bestå
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) opnar for at endringar i vallova som vart gjord under pandemien kan bli vidareført.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Positive tilbakemeldingar frå kommunane gjer at departementet derfor foreslår å føre vidare enkelte av endringane, seier Gram i ei pressemelding.
Stortinget vedtok i samband med det koronaprega stortingsvalet i 2021 fleire endringar i vallova for å gjere situasjonen enklare for kommunane.
No foreslår Grams departement mellom anna at det skal vere mogleg å samle inn underskrifter både elektronisk og på papir, at vallokale kan liggje utanfor stemmekrinsen, og at kommunane kan starte oppteljinga av førehandsstemmer søndagen før valdagen.
– Ved å foreslå desse endringane no legg vi til rette for meir kontinuitet for kommunane, seier Gram.