Lånekassen aukar fastrentene

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– At fastrentene våre går opp no, heng saman med at marknadsrentene har gått opp. Renta i Lånekassen har likevel eit etterslep, og det forklarer kvifor fastrentene på studielånet ikkje har auka like mykje som i marknaden elles den siste tida, seier administrerande direktør Morten Rosenkvist i Lånekassen i ei pressemelding.

Frå 1. mai stig renta på lån med tre års bindingstid med 0,37 prosentpoeng til 2,774 prosent, medan lån med ti års binding får 0,35 prosentpoeng høgare rente og endar på i overkant av 3 prosent. Dei nye fastrentene er dei høgaste sidan juli 2014.

Frå same tidspunkt vil den flytande renta vere på 1,667 prosent. 96 prosent av låntakarane i Lånekassen har flytande rente på studielåna sine.