2,7 millionar nordmenn ligg an til å få igjen på skatten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vil seie at tre av fire nordmenn ligg an til å få skatt til gode, melder Skatteetaten i ei pressemelding. Til saman vil det då bli utbetalt omtrent 30 milliardar kroner, i snitt 10.900 kroner per person.

Samtidig viser dei førebelse tala at 1 million personar ligg an til å få ein skattesmell. Det samla beløpet på restskatt som må betalast tilbake, er på 44,1 milliardar kroner, eller 43.500 kroner i gjennomsnitt per person.

Skattemeldinga til lønnstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande vart sendt ut frå 16. mars til og med 4. april.

Auke i restskattbeløpet

Den førebelse berekninga viser ein total auke i den samla restskatten på nesten 20 milliardar kroner samanlikna med fjoråret, melder Skatteetaten.

Samtidig er det omtrent like mange personar som ligg an til å måtte betale restskatt i år som i fjor.

Kor mykje kvar enkelt må betale i gjennomsnitt, blir derfor påverka av den store auken, men Skatteetaten understrekar at det ikkje er slik at alle som får restskatt, må betale meir enn tidlegare år.

Oslo på topp

Innbyggjarane i Oslo som går på ein skattesmell, må til saman betale over 10,8 milliardar kroner tilbake, ifølgje dei førebelse berekningane frå Skatteetaten.

Den store summen fordeler seg på 148.928 personar, som i gjennomsnitt må betale tilbake over 72.000 kroner kvar.

Oslo tronar øvst på lista både på talet på personar som får igjen på skatten, og personar som må betale restskatt, noko som er naturleg med tanke på at Oslo har høgast innbyggjartal i Noreg.

Landsforskjellar

Til samanlikning må litt over 55.000 personar i Bergen betale tilbake til saman over 2,6 milliardar kroner, medan 39.000 personar i Trondheim til saman får ein smell på 1,5 milliardar kroner.

I dei fleste av kommunane i landet vil innbyggjarane i snitt få tilbake rundt 8-11.000 kroner, men i Røst kommune i Nordland ligg innbyggjarane an til å få tilbake 20.000 kroner kvar i snitt. Det same gjeld Nærøysund kommune i Trøndelag.

Også Bærum kommune i Viken ligg godt an med eit snitt på 17.000 kroner til gode per person, men innbyggjarane der må òg betale ein samla restskatt på over 2 milliardar kroner.


Les også: Nesten vaksen: Slik sjekkar du som er ung skattemeldinga di

Kollasj: Framtida.no. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen. Foto: Foto: Berit Roald / NTB