Karen Kyllesø og Haakon på tur nominerte til «Årets villmarking»
Dei er nominerte for sitt ekstreme pågangsmot og sine ekstraordinære prestasjonar.
– Det gir veldig meistringskjensle å vise seg sjølv at ein klarar meir enn ein trur.
Det sa Karen Kyllesø (22) då Framtida.no møtte ho i fjor for å prate om turen til Sørpolen som ho gjennomførte åleine. No er ho ein av åtte nominerte til «Årets villmarking» av Camp Villmark.
Soleklar kandidat
Per Anders Iversen, prosjektleiar for Camp Villmark, er veldig nøgd med kandidatane i år.
– Alle har bidratt til å fremje villmarksliv på ulike måtar. Nokre ved å vise korleis ein brukar den fantastiske naturen og moglegheitene i Noreg, medan andre har kjempa for at vi tek vare på naturen på ein betre måte, seier han i ei pressemelding.
Camp Villmark er ei årleg messe for jakt, fiske og friluftsliv.
I nominasjonen står det at Kyllesø er ein kompromisslaus eventyrar med vilje og gjennomføringsevne utanom det vanlege. Dei understrekar at ho lenge har vore ein soleklar kandidat, men at nominasjonen ikkje kom før ho var ferdig med Sørpolen-prosjektet sitt.
– Karen er nominert for sitt ekstreme pågangsmot og for å vise kva som er mogleg når vilje, draumar og natur møtest.
Gjekk Noreg på langs
Ein annan av dei nominerte er Haakon Selnes Lorentzen (17), eller Haakon på tur på Instagram. Han gjekk frå Lindesnes til Nordkapp på 109 dagar i 2025, berre dagar før han vart 17 år.
I nominasjonen blir han rosa for å ha inspirert mange med eit ungdommeleg pågangsmot og stor respekt for naturen.
– Haakon er nominert for sin ekstraordinære prestasjon og for å vise at ekte villmarksglede ikkje har noka aldersgrense.
«Årets villmarking» har blitt delt ut sidan 2008, og publikum kan stemme på dei nominerte fram til 18. januar, før juryen kjem med ei endeleg avgjerd neste veke.
Dei nominerte:
- Karen Kyllesø
- Abdur Razzaq (Abdur på tur)
- Haakon Selnes Lorentzen (Haakon på tur)
- Gry Folge, turentusiast
- Prosjektet «Vi har ingen natur å miste», initiert av Norsk Friluftsliv
- Anne Sverdrup-Thygeson, biolog og forfattar
- Anne Lindmo, programleiar i NRK
- Prosjektet Trygg av natur
Kjelde: Camp Villmark







