Hegerberg om Klaveness-talen: – Ein av dei største augneblinkane i sportshistoria

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hegerberg og landslagssjef Martin Sjögren møtte pressa på Ullevaal stadion etter landslagstreninga. Der deltok ikkje Lyon-stjerna, men ho følgde delar av seansen på sidelinja saman med Sjögren.

Der vart det utveksla smil og latter.

– Veldig godt å vere her. Godt å komme heim. Det blir ei fin utfordring. Eg har så vidt møtt alle jentene no. Det var godt å sjå alle igjen. Det kjendest bra, sa Hegerberg på pressekonferansen nokre minutt seinare.

Der vart ho òg konfrontert med talen fotballpresident Lise Klaveness halde framfor fotballtoppane i Qatar.

– For meg er det nesten ein av dei største augneblinkane i sportshistoria. Det ho gjer der krev så mykje mot, visdom og styrke, sa Hegerberg.

Ho vart deretter utfordra på kvifor det no var rett å vende tilbake til landslaget.

– Det har ikkje vore ei avgjerd som har komme over natta. Det har vore mykje diskusjon og prat. Eg vart skadd i 2020, og det gir deg eit anna perspektiv på ting. Eg fekk moglegheita til å tenkje litt annleis, sa Hegerberg.

Skrytte av Klaveness

Deretter peika ho på dialogen ho har hatt med fotballpresident Lise Klaveness.

– Eg har hatt kontakt med Lise heile vegen, og det det har kjendest naturleg, i og med at vi spelte saman. Lise har jo òg hatt erfaringane sine på landslaget og hatt utfordringane sine. Ho stod utanfor ein periode. Å ha den opne diskusjonen med henne, har vore veldig forløysande for min del, sa Hegerberg – og utdjupa:

– Eg kjenner vi har forstått mykje av den utfordringa som har lege i norsk kvinnefotball og NFFs satsing på kvinner. Det har vore ein god dialog. Litt etter litt har vi vore i prat med Martin. Til slutt var det på tide. Eg har kjent meg veldig klar for det, og har sakna det veldig.

Kva ho og Klaveness har snakka om, ville ho ikkje seie for mykje om.

– Eg kjem ikkje til å gå i detaljar på kva samtalane har handla om, men det er klart det har dreidd seg om punkt for punkt av den feedbacken eg gav i 2017, og som var viktig for meg, sa Hegerberg.

Lyon-proffen seier ho har hatt gode samtalar med landslagskollegaene den siste tida.

– Eg har hatt gode samtalar med både Caroline Graham Hansen og Maren Mjelde og har hatt eit godt forhold til mange av jentene gjennom mange år.

TALENT: Mali er spiss på J15-laget og har opplevd ulik behandling på fotballbana så mange gongar at ho nyleg valde å senda eit brev til Sunnmøre Fotballkrets for å gje beskjed. Foto: Privat

Glad landslagssjef

Torsdag kan tidenes toppskårar i meisterligaen for kvinner gjere nye innskot på målkontoen sin i landslaget. VM-kvalifiseringskampen mot Kosovo blir spelt tre døgn før femårsdagen for hennar 38. og førebels siste landslagsmål.

Martin Sjögren er landslagssjef for kvinnelandslaget. Foto: NFF

– Det er veldig gledeleg at Ada er tilbake. Eg har sagt lenge at ein vil ha med dei beste spelarane. Det har vi ikkje hatt, sa landslagssjef Sjögren.

Noreg har spelt 51 landskampar sidan Hegerberg sa nei til landslaget og vunne 33 av dei. Laget revansjerte seg for EM-fiaskoen i 2017 ved å kvalifisere seg til sitt åttande strake VM og tok seg til kvartfinale i sluttspelet i Frankrike.

Laget har òg kvalifisert seg til det utsette EM-sluttspelet i sommar i England og er på god veg til å sikre billett til VM i Australia og New Zealand neste år.

Med siger over Kosovo (i Sandefjord) og Polen (på Ullevaal) kommande veke vil Noreg vere veldig nær VM-billett før dei to siste kampane i september. Då blir blikket retta fullt og heilt mot EM der Noreg er i gruppe med Nord-Irland, England og Austerrike.

Spegelen

Då Hegerberg sa nei til landslaget, viste ho til frustrasjon som hadde bygd seg opp over tid, men det toppa seg då Noreg rauk ut av EM-sluttspelet i 2017 med tre strake tap.

Noreg hadde aldri tidlegare reist heim frå eit sluttspel utan ein siger, og no vart det verken poeng eller skåring. At laga som gjekk vidare frå Noregs gruppe (Nederland og Danmark) seinare møttest i finale var berre mager trøyst.

– Vi er nøydde til å sjå oss sjølv i spegelen og tenkje «hva skal til nå for at vi skal løfte oss», sa ein svært skuffa Hegerberg i intervjusona etter det tredje strake tapetet.

Vel ein månad seinare kom beskjeden frå Hegerberg om at ho hadde vedteke å ta ein pause frå landslaget. Ho etterlyste forbetringar på fleire område, både i planleggingsarbeid, gjennomføringsfase og oppfølging.

Dagen etter utdjupa ho overfor fleire norske medium som oppsøkte henne i Lyon. Ho uttrykte frustrasjon over reaksjonane frå fotballforbundet og sa mellom anna at «NFF har en jækla lang vei å gå» og «akkurat nå er det ikke plass til meg der».

Framtida

Lise Klaveness heldt som toppfotballdirektør dialog med Hegerberg, også gjennom hennar lange og tøffe skadefråvær. Ikkje lenge etter at Klaveness vart vald til fotballpresident er Hegerberg tilbake i landslagsdrakt.

Den vonde kvelden i Deventer då Noreg var utslått av EM, avviste Hegerberg spørsmål om den kommande VM-kvalifiseringa som då var snautt to månader unna.

– Nei, han er langt inn i framtida, sa ho.

1718 dagar seinare er Hegerberg omsider klar for VM-kvalifisering med Noreg.


Landslagsspelar Emilie Kruse Johansen (t.v) meiner kvinnene vert meir tekniske på grunn av restriksjonane på taklingar. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.