Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mina Farmen Bertheussen, eller @damaikrana, deler frå arbeidskvardagen til sine 38 tusen følgjarar.

Rett før korona slo til vart ho arbeidsledig og stod brått i ein haug med arbeidssøkarar, og det vart vanskeleg å få seg jobb.

– Eg bestemte meg for å tileigne meg ny kunnskap så eg kunne søke andre jobbar og fann ut at tårnkranførar var noko som alltid hadde etterspørsel og i tillegg hadde kort utdanning, fortel ho på e-post til Framtida.no.

Ho melde seg opp til tårnkrankurset og ringde ulike bemanningsbyrå då ho var ferdig, for å søke jobb. I september 2020 fekk ho jobb hos Kranfører AS

Mina Farmen Bertheussen/@damaikrana. Foto: Privat

– Svarte det til forventningane? 

– Ja, det gjorde det fordi eg fekk jobb med ein gong og har no fast stilling i ein jobb med god løn. I tillegg trivst eg godt.

– Veldig stressande til tider

Ein vanleg arbeidsdag startar som regel rundt 07.00. Så går dagane til å til å løfte tungt materiale på byggeplassen for bakkemannskapet fram til 15.30, eller kanskje lenger.

– Det kan vere leveransar frå lastebil, betongstøyping med tobb, flytting av utstyr osb.

På spørsmål om kva det beste med jobben, svarar ho sjølvsagt:
– Fin utsikt!

Det mest utfordrande er sterk vind.

– Folk trur det er ein veldig «chill» jobb, fordi ein «berre sit der oppe». Men det kan vere veldig stressande til tider. Nokre dagar er det fleire leveranser etter kvarandre så ein løfter i eitt sett heile dagen, i tillegg til andre på plassen som treng andre løft. Då er det viktig å halde seg roleg og vite at ein kan berre vere ein stad om gongen.

Under korona har arbeidskvardagen vore ganske lik som før.

– Den einaste forskjellen er at vi, då det var på sitt verste, fekk anbefalt å bli sitjande oppe i krana under lunsjpausen i staden for å klatre ned og ta lunsj med dei andre. Det følest jo tryggare her oppe der eg er heilt åleine.

Passar for dei utan høgdeskrekk

Tårnførarkurset tek berre tre veker, noko Bertheussen meiner er altfor kort.

– Som kranførar har ein jo veldig mykje ansvar og ein løftar ting som veg fleire tonn med ein svær maskin. Kurshaldaren var veldig flink og brukte dei tre vekene så godt det gjekk an, men utdanninga burde nok vore litt lengre etter mi meining.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ikkje ver redd for å melde deg på kurset, så lenge ein kjem til timane, følgjer med og tek det seriøst så kan eg nesten garantere at du står. Du klarar det om du ynskjer det!

Mina Farmen Bertheussen/@damaikrana. Foto: Privat

Ho fortel at yrket passar for dei som ikkje har høgdeskrekk, som er sjølvstendige og som ikkje har noko i mot å sitje åleine heile dagen.

Det kjekkaste ho har opplevd på jobb er at ho vart nominert til Norges hyggeligste håndverker og kom helt til finalen.

– Det var ei utruleg gøy oppleving.

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg håpar at eg kan halde fram å trivast i jobben og at eg blir betre og betre.

Mina Farmen Bertheussen

Alder: 27
Frå: Oslo

Yrke: Tårnkranfører
Utdanning: Tårnkrankurs