Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då David Eriksen (54) var 20 år, hadde han akkurat spelt inn si første plate, med bandet I.C. Eyes. I tillegg jobba han som DJ på ein klubb i Oslo.

– Samtidig jobba eg gratis i eit lydstudio for å læra, og betalinga var gratis studiotid på natta, fortel han i ein e-post til Framtida.no.

Skulle overta målarfirma

Som 20-åring hadde David Eriksen akkurat gått tre år som målarlærling.

– Planen til familien var at eg skulle overta eit då ganske stort målarmeisterfirma.

Han droppa ut rett før sveineprøven, då han tok avgjersla om å satsa alt på musikken.

– Det var ei tøff avgjersle å ta, då eg skuffa bestefar min som hadde sitt firma. Eg sleit lenge med å kunna sjå dei i augo, men det vart difor også ekstremt viktig og stort for meg då plata kom ut.

Kjend som Idol-dommar

34 år seinare veit me at han greidde seg godt i musikkverda. I dag er David Eriksen låtskrivar og manager for artistar og andre, og kanskje har du sett han i hans eigen reality-serie «Alle elsker David».

Han vart rikskjendis då han i 2005 var dommar i TV-programmet «Idol».

Han har produsert musikkalbum for mellom anna Jorun Stiansen, Flava To Da Bone, Sichelle, Tone Damli Aaberge og a1.

Han har også skrive fleire låtar som har delteke i Melodi Grand Prix, og jobba for artistar som Lindsay Lohan, Paperboys og Jessica Simpson.

Michael Jackson og AC/DC

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Det var nok det å oppleva draumen om å få platekontrakt og gje ut album.

Kvardagen var generelt fylt av musikk. Eriksen var langt over gjennomsnittet interessert i alt som kom ut:

– Alt frå Duran Duran og alt nytt og spennande av UK-pop, til velproduserte album som Michael Jackson. Eg var også veldig svak for AC/DC og Kiss i den andre enden.

– Eg visste eg hadde teke ein risiko

20-årsdagen hugsar han ikkje så godt, men han hugsar kva han tenkte om framtida.

– Eg visste at eg skulle bli musikkprodusent, kosta kva det kosta ville.

– Eg visste eg hadde teke ein risiko med valet mitt. Eg tok opp lån til musikk- og studioutstyr når venene mine kunne tenke på bustadinvestering og anna. Det var ikkje smart, men samstundes så var det det som måtte til.

Den viktigaste personen i livet hans på denne tida var pappaen.

– Han (og mamma) støtta valet mitt. Dei hadde trua på at eg skulle gå all in og hjelpte meg med å få lån i banken for at eg skulle realisera draumane mine utan å eigentleg stilla spørsmål. Dei var berre rein, hundre prosent støtte. Det er ikkje kvardagskost.

Full jubel etter MGP-sigeren i 1998.
F.v.: Korist Ole Marius Johnson, tekstforfattar David Eriksen, Lars A. Fredriksen, som song «All I Ever Wanted Was You», og korist Håvard Gryting. (Foto: Roar Vestad, NTB Pluss)

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Stakkars deg som skal gå i så mange feller som den bransjen set deg i.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Eg hadde sagt: Fortset å følgja draumen, men tenk litt meir på å sikra økonomien, til dømes med å komma seg inn på bustadmarknaden litt kjappare 🙂

Jorun Stiansen er aktuell som deltakar i årets Stjernekamp. Som 20-åring treivst ho på G-sport med faren. Foto: Privat, Julia Marie Naglestad/NRK