Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å gå ut på den scena framfor 6000 skrikande 16-åringar var noko av det sjukaste eg har opplevd. 

Stian Barsnes-Simonsen (42) tenkjer tilbake på det sterkaste minnet han har frå då han var 20 år gammal. Han var med på prisutdelinga Hitawards, som han skildrar som «litt som Speleman, berre kulare».

Hylekoret som møtte han då han gjekk ut på scena i Oslo Spektrum for aller første gong er vanskeleg å gløyme.

– Eg hadde sølvdress og raude solbriller, hugsar eg. Kleint å hugse tilbake på, men det funka som fjell den gong – eg lovar, fortel han på e-post til Framtida.no.

TV-debut som 13-åring

Som 20-åring var Stian Barsnes-Simonsen eit kjent fjes frå fjernsynet, for han fekk sin TV-debut allereie som 13-åring i NRK si ungdomssatsing U og seinare Midt i Smørøyet. 

Sidan den gong har han vore ein gjengangar på skjermen, og er nok mest kjend frå dei mange programleiarrollene anten det er i Amigo, MGPjr eller Melodi Grand Prix.

Barsnes-Simonsen fortel at han har jobba for å verte skodespelar og programleiar frå han var liten, og heldt fast ved den planen som 20-åring, sjølv om han skildrar mykje av det som hende rundt han då som absurd.

– Om eg ikkje hadde hatt flaks og fått rolla i Hotel Cæsar hadde eg nok uansett jobba beinhardt for å verte programleiar, så alt eg jobba med fram til eg var 35 år har langt på veg vore planlagt, fortel han og held fram:

Stian Barsnes-Simonsen spelte Henning i Hotel Cesær, då han var 20 år gammal. Her saman med Kimberly Larsen som spelte Tove i serien. På skjermen var dei to eit par. Foto: TV 2

– Alt det gøye eg har fått jobba med etterpå som produsent hadde eg derimot inga aning om den gong, at eg skulle få oppleve.

Barsnes-Simonsen er i dag kreativ leiar hjå Nordic Screens, der han produserer innhald for barn og unge. Han har mellom anna vore primus motor både for Redd Barna si demokratisatsing Barnas Valg og UNICEF si Barnas Tale, som løftar barn sin ytringsfridom. I 2021 gav han ut boka Barnas valg – din stemme teller! om ytringsfridom og demokrati i Noreg.

Såpestjerna og popstjerna

Som 20-åring var Stian Barsnes-Simonsen blid og full av sjølvtillit, og midt i ei veldig spesiell tid i livet.

– Eg spelte ei av hovudrollene i såpeserien Hotel Cæsar, som nesten heile Noreg følgde med på på den tida. Same året fekk eg draumejobben som programleiar i NRK.

Frå 2000 til 2001 var Stian Barsnes-Simonsen å sjå i NRK-programmet Reser. Her saman med kollega Stine Buer. Foto: NRK

På heimfronten hadde 20-åringen, som opphaveleg er frå Bergen, stor boltreplass. Han budde nemleg i ein nedlagd sukkertøysfabrikk på heile 300 kvadratmeter, saman med to kompisar.

1999 var òg året Stian Barsnes-Simonsen vart kjærast med Lene Marlin, som han skildrar som «ei superkul og talentfull jente».

– Ho var popstjerne og endå meir kjent enn meg, noko som gjorde at livet vart snudd ganske på hovudet, samanlikna med korleis det var då eg gjekk på vidaregåande året før. Det var ei ganske magisk og rar tid som eg er veldig glad for at eg fekk oppleve.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Det må nok ha vore kjærasten min, Lene. Ho hadde eiga leilegheit, så vi vart sambuarar med ein gong og delte kvardagen saman stort sett heile tida. I tillegg var dei næraste vennane mine veldig viktige for meg på den tida, både når det gjaldt oppturar og nedturar.

Kjærasten las mykje meir enn han, og ho inspirerte han til å ta fatt på krimsjangeren.

– Eg hugsar godt at eg las Jan Guillou og Henning Mankell det året. Såg også veldig mykje på ein sitcom-serie som heiter Kongen av Queens.

Y2K

Stian Barsnes-Simonsen fylte 20 år i slutten av april 1999. Feiringa hugsar han framleis, for ho gjekk føre seg på ein fondue-restaurant:

– Altså ein restaurant som berre serverte mat ein dyppar i olje eller ost. Og det var berre meg og tre av mine næraste vennar, om eg hugsar rett.

Han minnest at same året forliste hurtigbåten Sleipner, der 16 menneske døydde. Siste dagen før tusenårsskiftet gjekk òg Russland sin dåverande president Boris Jeltsin, som Barsnes-Simonsen hugsar alltid verka full på TV, av og vart erstatta av Vladimir Putin.

Nyttårsaftan i 1999 gav Boris Jeltsin presidentemblemet over til arvtakar Vladimir Putin. Foto: Kremlin.ru, CC BY 3.0

– Men det eg hugsar best var nyttårsaftan 2000, kor alle syntest det var så rart at vi skulle gå rundt og seie «år totusen», og at mange var redde for at alle datasystem i verda skulle krasje fordi dei ikkje tolte at vi gjekk over frå 19-eittelleranna til 20-årstal, fortel Barsnes-Simonsen og held fram:

– Denne varsla katastrofen vart kalla «Y2K» og eg hugsar det var eit aldri så lite antiklimaks i dét klokka vart 00:01 på nyttårsaftan og alle skjønte at overgangen kom til å gå heilt fint.

Evig optimist og wannebe-stjerne

Stian Barsnes-Simonsen er så heldig at han er fødd evig optimist. Han fortel at han alltid har hatt ei kjensle av at «dette kjem til å gå skikkeleg bra», noko han trur er litt av grunnen til at det stort sett har gått skikkeleg bra òg.

– Det er jo vanskeleg å oppnå ting ein aldri har sett for seg. Eg drøymde om å reise, oppleve verda, verte pappa, gifte meg og heile tida lære nye ting. Eg har vore heldig og fått oppleve alt saman.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Hahaha! Morosamt spørsmål! Eg trur eg først hadde tenkt: «Kven er han wannabe-stjerna her?», før eg forhåpentlegvis hadde tenkt: «Jøss, han var jo faktisk veldig hyggeleg». Det håpar eg i alle fall.

Han trur ikkje han ville gjeve seg sjølv så mange råd, for han ville nok ikkje gjort så mykje annleis.

– Både feila og dei rette vala eg tok den gongen var lærerike. Ville ikkje bytt ut nokon av dei trur eg.

Barsnes-Simonsen fortel at den beste eigenskapen han hadde den gong, var at han heile tida tok seg sjølv i å tenkje: «Skjer verkeleg dette no? NYT det! Det kan forsvinne like fort som det kom!»

– Det er eg veldig glad eg tenkte, for det gjorde at eg sette pris på alt heile tida. Moroa varte mykje lenger enn eg nokon gong hadde våga å håpe på. Faktisk fortset det på ein måte endå.


Som 20-åring melde Carina Dahl seg på Big Brother. No er ho aktuell i Stjernekamp. Foto: Privat, Julia Marie Naglestad/Monster/NRK