Homse, bitch og hore: Språket blir styggare i norske skular
Ein rapport frå Redd Barna viser at språket blir styggare og tøffare i norske skular.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Språkbruken i norske skular har vorte tøffare, noko som blir stadfesta i rapporten «Gi oss Spilleregler!» frå Redd Barna, skriv NRK Vestfold og Telemark.
Redd Barna gjennomførte sjølve undersøkinga blant 3.-, 5.- og 7.-klassingar før pandemien slo inn, mellom anna for å høyre korleis elevane sjølv opplever at språkbruk påverkar klassemiljøet og kvardagen i skulegarden.
Rapporten konkluderer mellom anna med at elevar frå femteklasse og oppover har vorte grovare i målet enn før.
Leiar i arbeidet med undersøkinga, Anne Elin Kleva, seier mykje av språkbruken handlar om seksuell trakassering.
– Homse, lesbisk og gay. Det er mykje som handlar om kjønnsidentitet og seksuell orientering. Dei bruker òg ord som kuk, din jævla bitch eller hore. I tillegg er det mykje rasisme, seier Kleva til NRK.
- Visste du at 37 prosent av norske 13-19 åringar har vorte utsette for rasisme på bakgrunn av hudfarge? 57 prosent svarer at dei har opplevd rasisme på skulen!
- Afryea som tek eit oppgjer med rasisme i skulen: – Vi har vore den brune jenta i skulegarden
Les også innlegget frå Marielle (13): – Eg skal få lov til å gå med ein magetopp utan å bli kalla «jævla hore»