– Eg er ikkje ein av dei

Kvinne (25)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar.

Eg sit samankrølla i sofaen, med hovudet i tastaturet og tårer som trillar ned.

Eg har lenge vurdert å skrive, men det er vanskeleg å opptre fatta.

Eg har rast nokre gonger, banna og fekta med armane mot ein person eg ein gong håpar vil forstå, men eg har møtt denne personen før, som ikkje forstod kva eg hadde å stri med.

Det handlar ikkje så mykje om manglande evne til å forstå; det handlar om manglande vilje til å lytte. For dei forstår viss eg snakkar om etniske spøkar, og dei forstår om det er vanskeleg å stå fram med ei seksuell legning som ikkje er heterofil.

Dei forstår om eg har den raude, lause skjorta på meg, og om eg har ei bukse eit nummer for stor, og ikkje høge hælar og tekkjeleg skjørt. Dei forstår om eg stretar imot hierarkiet, og om eg reagerer på sosialøkonomiske forskjellar med politikarforakt.

Dette vil mine venstreradikale vener forsøke å forstå, kanskje fordi dei har eigne erfaringar, eller kjenner nokon med vonde erfaringar med manglande aksept.

Der eg derimot har opplevd ei manglande vilje til å forstå, eller i det heile tatt å bli lytta til, er på kor vanskeleg det kan vere å vere funksjonshemma i eit samfunn basert på full funksjonsevne.

Her er ikkje eingong menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International på banen, og ikkje eingong det norske Amnesty prøver å rette søkelyset mot oss.

Tradisjonelle, større medium publiserer få innlegg i året, og dei åtte største partia er ganske så tyste.

Eg har møtt venstreradikale som trugar og utestenger stemmer som forsøker å bidra med innsikt, og eg har møtt venstreradikale som rettferdiggjer institusjonalisering og fnys av drapsforsøk.

Nesten ingen tek til motmæle dersom subjektet er ein funksjonshemma, eller har ei funksjonsnedsetjing, trass i at mange er i fleire marginaliserte grupper og at vi alle til sjuande og sist berre er menneske.

Berre 40 prosent av den norske, funksjonshemma befolkninga er relativt fornøgde med livet sitt.

Eg er ikkje ein av dei, og drikk trauma bort – trass i genetisk disposisjon for leversvikt. Eg drikk mens eg ventar på ein verdi.

8 av 10 med samansette problem – deriblant funksjonsnedsetjingar – rapporterer om dårleg livskvalitet.

Eg sjølv prøver å døyve ei smerte av å måtte velje mellom samhald eller eige ve og vel, og ser som regel ein mogelegheit for kompromiss i botnen av flaska.

Eg er djupt bekymra over alle som vert neglisjert, og den forsømminga eg har opplevd i mitt 25 år gamle liv.

Eg er bekymra over at vi mister gode menneske og viktige stemmer, fordi vi stadig viser dei at dei ikkje er verde å ha i samfunnet.

Eg er bekymra over konsekvensane av at vi ikkje lyttar.

Eg sjølv slit med trauma, og føler det er for seint for meg, men det er tragisk at det gjekk så langt til å byrje med.

Hadde nokon plukka meg opp, gjeve meg ei kjensle av verdi og sett meg for det mennesket eg er, hadde kanskje flaska framleis vore til sals på mitt næraste Vinmonopol.

Men, når ikkje ein gong dei mest politisk humane gidd: kven gjer det då?

Innlegget er publisert anonymt, men Framtida.no kjenner identiteten til innleggsforfattaren.


Ynskjer du å sende oss eit meiningsinnlegg? Send på e-post til tips(a) framtida.no.
(Her finn du skrivetips!)


Treng du nokon å snakke med?

Sjå fleire ressursar her: Hjelpetelefonar og nettstadar – Rådet for psykisk helse og her: Hjelp for barn og unge – Helsenorge