Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Trigger warnings» dukka opp tidleg på 2000-talet i innlegg om sensitive emne, slik som sjølvmord, seksuelle overgrep og barnemishandling. Tanken var at åtvaringa skulle gi traumatiserte moglegheita til å unngå dette innhaldet.

Spesielt var dette retta mot folk med post-traumatisk stressliding (PTSD). Denne lidinga kan oppstå hos folk som har opplevd eller vore vitne til traumatiske hendingar slik som krig, seksuelle brotsverk, trafikkulykker eller død i nær familie. Eit karakteristisk symptom er at folk med PTSD stadig opplever hendinga på ny, eller har mareritt om den.

Etter kvart som fenomenet blei vanlegare på sosiale medium, begynte studentar også å krevja at førelesarar ved universitet skulle introdusera sensitive tema med trigger warnings.

I 2016 viste ei undersøking at halvparten av alle amerikanske universitets- eller collegeprofessorar hadde brukt trigger warnings i undervisinga.

Rystande innsikt

Filosofen Kate Manne forsvara sin eigen bruk av trigger warnings i undervisinga i The New York Times, og skreiv at å eksponera studentar for pensum utan slike åtvaringar var «som å frå tid til anna kasta edderkoppar på ein araknofob» (ein med edderkoppskrekk).

Men kritikken mot praksisen har hagla. Mange har vore bekymra for kva innverknad det har på den akademiske fridomen at ein førelesar skal sørgja for å ikkje seia eller skriva noko som kan utløysa trauma.

Andre innvender at universitetet ikkje skal vera nokon «safe space», men tvert imot skal introdusera oss for ein brutal verkelegheit. Kunnskap skal endra og kanskje til og med rysta studentane. Legg ein til grunn at folk er sårbare vesen som må vernast mot verdas realiteter, kan det føra til ein forskjønnande akademisk kultur, fryktar enkelte.

Åtvaringar forverrar trauma

Uavhengig av det: Forskarar har etter kvart også undersøkt fenomenet. Og det ser ut til at trigger warnings ikkje har noka meiningsfull positiv effekt på folk med PTSD. Forskarar ved Harvard-universitetet meiner tvert imot at deira funn tyder på ein svak effekt i negativ retning.

For når traume-overlevande i studien fekk trigger warning før dei blei eksponert for potensielt forstyrrande innhald, forsterka det synet deira om at dette traumet var sentralt for deira eigen identitet, skriv forskarane.

Dette er spesielt bekymringsfullt fordi anna forsking tyder på at jo meir sentralt eit traume er for den utsette sin identitet, desto meir alvorlege blir PTSD-symptoma.

Det motsette av eksponeringsterapi

Også andre studier gir liknande konklusjonar: anten at trigger warnings ikkje har nokon meiningsfull effekt, eller at det svakt forverrar stoda for dei som alt har traumer.

Skulle det visa seg at traumatiserte faktisk unngår innhald som eit resultat av trigger warnings, er det også urovekkande: for den kliniske konsensusen peikar mot at det å unngå innhald som kan utløysa trauma, forverrar PTSD.

Derimot går behandling mot tilstanden nettopp ut på å systematisk eksponera pasienten for traumatiske minner, heilt til kroppens evne til å utløyse trauma minkar.

https://www.instagram.com/p/CZfyFxOpIkF/

Samstundes ser trigger warnings ikkje ut til å forsvinna med det første. Nyleg blei også positive trigger warnings introdusert, då Rihanna la ut bilde av sin gravide mage på Instagram.

Hyggeleg for Rihanna, men potensielt utløysande for alle som ikkje sjølv kan få barn.


På kvinnedagen 8. mars har innføring av positiv samtykkelov vore ei sentral parole dei siste åra. Men kan fokuset på samtykke i seg sjølv vera kvinnefiendtleg? spør enkelte feministiske filosofar. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB