Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er fæl til å gløyme bøker eg byrjar på, særleg e-bøker som eg lastar ned i Bookbites eller Allbok.

Det fortel Arne Henning Årskaug på e-post til Framtida.no. Han reknar likevel med at han les rundt 50-60 bøker i året, om han trekker frå bøkene han har byrja på, men ikkje fullført.

Det går mykje i norsk og nordisk samtidslitteratur. Han arbeider som bibliotekar, og les difor ein del bøker som kjem inn på biblioteket via innkjøpsordninga.

Meir variert enn påstått

– Det er gjerne bibliotekaren som må ta i eit tak for både å lese og formidle bøker som ikkje får so mykje omtale i avisene eller som ikkje vert salssuksessar. Men dette er ei oppgåve eg går laus på med noko som minner om iver! fortel han og held fram: 

– Den norske litteraturfaunaen er veldig mykje meir variert og fargesprakande enn kva mange skal ha det til.  

Desse bøkene vekkjer kjensler hjå Arne Henning Årskaug. Men sint vert han sjeldan, korkje av bøker eller av anna.  Omslag: Samlaget, Kolon, Oktober.

I tillegg til jobben som bibliotekar, er 36-åringen frå Holsen i Sunnfjord forfattar. Han debuterte med prosasamlinga Utstyrstekstar, og har nyleg gitt ut andreboka si Skap & sørg: eksessar om gørra vi ber på. Som tittelen indikerer, utforskar sunnfjordingen her det som får folk til å trasse eller lystre alle dei «gørre livsvilkåra» ein må hanskast med i livet.

Eit av dei er å svare i bokhylla vår.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– På nattbordet mitt ligg det i hovudsak berre øyreproppar og sovemaske. Bøkene eg les ligg som regel strødde rundt i stova eller på kjøkkenet. I desse dagar les eg Eli F. Vaage si Grå hoppe, Morten Langeland si Sørgerender, Priya Bains si Med restene av mine hender og Ulla Svalheim si Til troende.

Kor les du?

– I eigen heim, på tog til og frå jobb, og i nokre høve på jobb.

Kva bøker vart lesne til deg som liten? 

– Mor mi las fleire bøker for meg og systera mi, men eg lyt innrømme at det ikkje er so mange som har festa seg i hugset. Eg meiner ei av dei var Det suser i sivet av Kenneth Grahame. Nokre av bøkene til Thorbjørn Egner var vi vel òg gjennom.

– Eg hadde ogso ei bestemor som likte å deklamere dikt og songar for oss i tide og utide, og her hugsar eg særleg korleis ho med saftig innleving gjekk laus på Likfunn av Jakob Sande. Men ho passa no på fortelje oss at det var ein hest og ikkje ein mann dei fann, so vi ikkje skulle få mareritt.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Tenåra står som ei mørketid for eiga lesing. Fyrst ville eg berre spele data, og seinare berre drikke og herje.

– Lesinga fann eg tilbake til seint på vidaregåande, og då hugsar eg at bøkene om Juha Lindström: En komikers oppvekst og En ufo gjør entre av Jonas Gardell gjorde sterkt inntrykk. Eg meinte vel at det å vekse opp i ein svensk småby seint på 70-talet likna på korleis det var å vekse opp i ein vestlandsk småby på 90- og 00-talet.  

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– U – Historier om djevelskap av Carl Jóhan Jensen (Omsett av Lars Moa).

Omslag: Samlaget

Dette er ei bok eg fekk anbefalt av den førre redaktøren min etter utgjevinga av debuten min i 2015. Boka er på 908 sider, og eg har framleis ikkje klart å kome meg heilt gjennom ho. Dels fordi eg vil spare på ho, dels fordi eg stadig byrjar på ho på nytt, og dels fordi ho er so pass vill og eineståande at det går utover sjølvkjensla.

– På skrivestudia får ein gjerne høyre at ein må lese mykje for å bli god til å skrive. Dette er eg sjølvsagt einig i, men eg trur òg at om ein fyrst har fått for seg at skriving er ei skapleg sysle å styre på med, so bør ein i enkelte høve velje sine bøker med omhug. Nokre bøker er so herlege og velskrivne at ein trur ein ikkje har noko å komme med sjølv etter å ha lese dei.

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Sissel Solbjørg Bjugn.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Eg er gjerne ein kjenslestyrt lesar, so ei kvar bok som får meg til å kjenne noko reknar eg som ei god bok. Elles er eg alltid på utkik etter noko som eg ikkje har lese før, ei bok som får meg til å kveppe av fryd over kor original ho er eller kor skakande godt språk det er i ho.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Herman Melville sin Bartleby.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg vil helst sleppa det.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Kjartan Fløgstad. Foto: Julie Pike/Gyldendal Norsk Forlag.

– Her tek eg ein råsjanse og seier Kjartan Fløgstad.

Mest fordi han har skrive mange (og lange) bøker som eg enno ikkje har lese, og som eg har ein mistanke om eg kjem til å like berre eg får slaura meg til gå laus på dei. Men dette er under føresetnad av at lydbøker og e-bøker framleis er lov!

Kva for ei av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Det måtte i so fall blitt ein serie kortfilmar eller ein antologifilm av noko slag. Eg har so langt berre skrive prosasamlingar, og eg trur det skal godt gjerast å strekke ut ein av enkelttekstane til ein heilaftens spelefilm.

Når det er sagt so har eg ein tekst i fyrsteboka mi som heiter «Fluge». Dette er i korte drag ein tekst om ein stakkar med namn Fluge som vert utsett for ein overraskingsfest i ei badstove, og her hadde vore moro å sjå Stellan Skarsgård som Fluge.

Og i nyeboka mi har eg ein tekst som heiter «Gjevande & aktivt vaksenliv utan barn». Her vil eg helst sjølv spele hovudrolla, gjerne sminka som Gloria Swanson på slutten av Sunset Boulevard.


Alexander Harald Sandtorv. Foto: Bente Kjøllesdal

Fakta

Namn: Arne Henning Årskaug

Alder: 36

Frå: Holsen i Sunnfjord

Utdanning: Bachelor i Bibliotek- og informasjonsvitskap. Forfattarstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Hordaland og forfattarstudiet i Tromsø. 4H-plaketten.  

Yrke: Bibliotekar og forfattar