Pågangen på behandlingstime hos psykolog for studentar i Oslo har vore stor under pandemien. No er ventetida på behandlingstime rundt tre månadar.
Nynorsk Pressekontor

I 2020 auka talet behandlingstimar på Studentsamskipnaden i Oslo med 28 prosent, samanlikna med 2019. I 2021 auka talet ytterlegare 12 prosent.

No er ventetida på behandlingstime på om lag tre månader, skriv Universitas.no.

Leiar for SiO Psykisk helse, Anne Karin Mullaly, seier til Universitas at den lange ventetida kjem som følgje av stor etterspurnad og sjukdom blant eigne tilsette og deira barn.


Foto: Nik Shuliahin via Unsplash
ANNONSE