Han rapporterer frå krigsråka Ukraina: – Min jobb er å reise inn når andre reiser ut

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Roger Sevrin Bruland blei først kjent for nordmenn då han i 2018 rapporterte frå grottedramaet i Thailand. 12 gutar og ein trenar var sperra inne i ei grotte, og Roger Sevrin Bruland frå Utvik i Stryn følgde dramaet for NRK.

Eitt år seinare blei han tilsett som utanrikskorrespondent i Berlin for NRK, og nokre månadar seinare stod han i episenteret av koronasmitten i Italia våren 2020.

I fullt verneutstyr rapporterte han frå sjukehuset i Monza i Italia og fortalde om det då ukjente viruset som hadde byrja å spreie seg i landet etter å ha kome frå Kina.

Det skulle bli koronapandemien, vår tids største krise, og Bruland stod midt i senteret av krisa berre eitt år etter å ha blitt utanrikskorrespondent i NRK.

No rapporterer han frå senteret av ei ny krise. Denne gongen frå eit Ukraina under angrep frå Russland.

– Ein skulle trudd det var noko lureri eg har blitt med på, seier Roger Sevrin Bruland til Nynorsk pressekontor.

Krigstilstand

Førre torsdag skulle Bruland eigentleg ha teke fly til Ukraina for å dekkje konflikten med Russland. Så gjekk Russland til angrep same dag og alle fly til Ukraina blei kansellerte.

Produksjon av brannbomber i flasker, også kalla «molotovcocktail». Foto: Privat

Bruland og ein polsk kollega måtte køyre frå kontoret i Tyskland, gjennom Polen og til den Ukrainske grensa heilt vest i landet. På vegen køyrde dei forbi lange køar med folk som var på veg ut av Ukraina på flukt frå krig.

Bruland bur på eit hotell i byen Lviv. Innimellom kjem det flyalarm og alle må søkje tilflukt i kjellaren til dei får beskjed om at det er trygt å kome opp igjen. Eit bryggeri i byen har også byrja å lage brannbomber i flasker, såkalla «molotovcocktailar», til bruk mot russarane.

Realiteten av moderne krig

Å reise inn i eit land som er under angrep frå ei av verdas største militære makter er ikkje særleg rasjonelt, men Bruland seier det er del av jobben som utanrikskorrespondent.

– Min jobb er å reise inn når andre reiser ut, seier Bruland.

– Som utanrikskorrespondent i NRK høyrer det med at alle vi i utanriksavdelinga samarbeider når det skjer noko som dette. Samstundes skal ein ikkje ta unødvendig risiko. Moderne krig er farleg og ikkje vakkert på nokon måte. På eitt minutt kan 1000 soldatar bli drepne. Det er realiteten av moderne krig.

Fleire kasser med molotovcocktailar står klare i Lviv. Foto: Privat

Kan kome styrkt ut av krisa

Når NPK ringjer Bruland gjer han seg klar til å reise tilbake til grensa mot Polen. Det har snødd i løpet av natta og folk har forlate bilane sine, tent bål i skogen for å halde seg varme og søv på bakken.

Saman med koronapandemien er krisa i Ukraina vår tids to store kriser, ifølgje Bruland. Han har som utanrikskorrespondent stått midt i begge og seier det no er verkeleg krisetid. Han meiner òg at Europa kan kome styrkt ut krisa.

– Folk kjem saman i kriser. Om vi klarar å unngå bruk av atomvåpen i denne krisa kan Europa kome styrkt ut av dette, seier Bruland.


Afrikanarar i Ukraina ventar på plattforma på Lviv jernbanestasjon, sundag 27.02.22. (Foto: AP Photo/Bernat Armangue, File)