Victoria’s Secret droppar englane – omfamnar mangfaldet

Sofía Jirau skapar historie som den første Victoria's Secret-modellen med Downs syndrom. I den nye kampanjen får 24-åringen selskap av modellar med ulike fasongar, funksjonsvariasjonar og aldrar.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kampanjen inneheld atten «dynamiske kvinner med ein myriade av bakgrunnar», skriv undertøysmerket i ei pressemelding.

Victoria’s Secret har lova ei meir inkluderande linje, og dei 18 kvinnene som er modellar i Love Cloud-kampanjen skal styrke denne lovnaden, skriv dei.

Love Cloud Collection er ein stor augeblink i merkevara si utvikling. Frå dei utrulege kvinnene som bringer kolleksjonen til live, til den utrulege inkluderande stemninga på settet, er denne kampanjen ein viktig del av den nye Victoria’s Secret-standarden vi lagar, uttalar Raúl Martinez, som er ny kreativ direktør for merket.

Foto: Victoria’s Secret / kollasj Framtida.no

Kritisert

Victoria’s Secret har dei siste åra blitt møtt med kritikk for å berre fronte éin type utsjånad.

No har merket staka ut ein ny, meir inkluderande kurs. I 2021 oppretta dei det dei kalla The VS Collective, som dei skildra som ei partnarskapsplattform med ei rekkje stjerner som skal fungere som rådgjevarar og medverke i kampanjar og promotere merket i sosiale medium.

Dei kjente «englane» deira, modellane som fekk størst plass i visningane, er òg historie.

– Då verda endra seg, var vi for treige. Vi må slutte å vere det menn vil ha, og heller vere det kvinner vil ha, sa administrarende direktør i Victoria’s Secret, Martin Waters, den gong, ifølgje Nettavisen.

Første modell med Downs syndrom

Blant modellane i kampanjen, er Sofía Jirau. Ho er den første Victoria’s Secret-modellen i historia med Downs syndrom, melder HuffPost.

– Eg pleidde å drøyme om det, eg jobba hardt for det og i dag er det ein draum som har gått i oppfylling, skriv den puertorikanske modellen på Instagram.

Det var Melk & Honning som først skreiv om saka i norske medium.

– Endeleg kan eg røpe min store løyndom. Eg er den første modellen for Victoria’s Secret med Downs syndrom», held 24-åringen som debuterte under New York Fashion Week for to år sidan fram.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Sofía Jirau (@sofiajirau)


Amy (f.v), Périne og Seema har delt sine historiar om høvesvis å leve med Crohns sjukdom, kjønnsstereotypiar, og å handtere foreldre sine forventningar om å skulle gifte seg. Foto: Manon Ouimet/The Underargument