Reagerer på britisk plan for asylsøkarar: – Umenneskeleg

Leiaren av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom meiner Noreg må passe seg for å outsource asylretten.

Åshild Slåen
Publisert

Måndag vedtok Storbritannia forslaget om å opne for å sende asylsøkjarar til Rwanda.

– Denne planen er umenneskeleg, skriv leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Amanda Spjeldnæs i ein e-post til Framtida.

Ho meiner det er svært urovekkande at landet gir asylbehandlinga vidare til eit tredjeland som har dårlege vilkår for menneskerettar.

Kontroversielt vedtak

Avtalen har fått kritikk frå menneskerettsorganisasjonar og FNs høgkommisær for flyktningar, men vedtaket har vore ei av kampsakene til den konservative regjeringa i Storbritannia.

Landet hadde ein avtale på plass med Rwanda allereie i 2022, men planlagde utsendingar vart stoppa. Ordninga har gått fleire rundar i retten før det nye forslaget har kome på plass.

– Det er også svært problematisk at lova legg til grunn at dommarar «må rekne Rwanda som trygt», og at enkelte menneskerettar ikkje gjeld asylsøkarar som er omfatta av denne planen, seier Spjeldnæs.

Denne formuleringa omgår ei tidlegare avgjerd frå den britiske høgsteretten som har sagt at planen er lovstridig.

Fryktar fleire følgjer etter

I april behandla det norske Stortinget eit forslag frå Frp om å opprette asylmottak i tredjeland. Det vart stemt ned av dei andre partia.

Leiaren for Solidaritetsungdommen fryktar at dette blir noko andre land kan finne på å innføre.

– Vi ser at andre europeiske land som Danmark vurderer å gjere noko liknande, og i Noreg har både Frp og Høgre opna for asylmottak i tredjeland. No er det viktig at Noreg hegnar om asylretten og ikkje outsourcar dette til tredjeland.