Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kjenner meg att i mange karakterar, men om eg må velje ein, går eg for Neville Longbottom frå Harry Potter-bøkene.

Det skriv forfattar Tone E. Solheim på e-post til Framtida.no. Ho fortel at Harry Potter-bøkene utan tvil var dei som gjorde sterkast inntrykk i tenåra:

– Eg levde og anda for Harry Potter (og gjer det eigentleg framleis!).

Komplisert kjærleik

32-åringen frå Sunnfjord debuterte i fjor som forfattar med boka Svarttrasta syng om natta, som Klassekampen sin meldar meinte var ein lovande start på forfattarskapen:

Omslag: Det norske Samlaget

«Romanen om Martha og Edith gjør sterkt inntrykk der den ransaker den omveltende, skakende opptakten til et kjærlighetsforhold,» skreiv Ingvild Bræin.

Nyleg vart boka også nominert til Uprisen – årets ungdomsbok 2022.

– Vi valde å nominere boka fordi ho viser ei kjærleikshistorie mellom to jenter utan at det er der problema ligg, men heller at kjærleiken er komplisert nok som han er, forklarte nominasjonsjuryen då kandidatane vart presenterte.

Sjølv les Solheim så mykje ho berre kan:

– I mine beste leseår har eg vore oppe og snust på femtitalet, men det meir realistiske talet ligg nok nærare tjue-tjuefem bøker i året.

Vi har kika i bokhylla til forfattaren:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Nett no finn ein The Witch’s Son av Kelly Barnhill og Odinsbarn av Siri Pettersen øvst i bokbunken.

Kva bøker les du helst?

– Er svak for ungdomsbøker med mykje kjensler, og god fantasy.

Dette er bøkene som fekk Tone E. Solheim til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kor les du?

– På sofaen, i senga, på venterom og på kaféar.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Den boka som står meg klårast i minnet er bildeboka En kake til Kalle av Joyce Dunbar. Far min las ho til meg så mange gonger at han framleis kan ho utanåt! Elles gjekk det mykje i Astrid Lindgren, Anne-Cath. Vestly og Thorbjørn Egner.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Er det lov å svare Harry Potter-bøkene her òg? Elles skulle eg ynskje at eg hadde skrive Fuglane av Tarjei Vesaas. Det norske språket på sitt aller beste!

Haagenrud gav ut fem bøker i Sofie og Kathrine-serien. Omslag: Solum Bokvennen

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

Sofie og Kathrine-bøkene av Grete Haagenrud. Det er ein bokserie på fem bøker som handlar om to søstrer som veks opp i Finnmark under andre verdskrigen. Forteljarstemma i bøkene tilhøyrer Sofie, den yngste av søstrene, og vi som lesarar får oppleve krigen gjennom hennar auge.

– Haagenrud burde vere obligatorisk lesnad på mellomtrinnet!

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Eit språk som flyt, karakterar ein kjenner seg att i (på godt og vondt), og den fantastiske dragkrafta som gjer at ein ikkje klarar å legge boka frå seg.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Roald Dahl!

Roald Dahl. Foto: Carl Van Vechten, 1954/Library of Congress/Falle i det fri

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Her må eg nok seie J.K. Rowling.

Om boka di vert filmatisert, kven spelar hovudrolla?

– To heilt ukjende skodespelartalent som berre ventar på å bli oppdaga!


Jan Grue. Foto: Mathias Fossum / Gyldendal

Tone E. Solheim

Alder: 32

Frå: Jølster i Sunnfjord

Utdanning: Bachelor i språk (engelsk)

Yrke: Konsulent på fulltid og forfattar på si