Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg trur det viktigaste å vita om det å vera annleis, er at det ikkje er feil. At ein må vera seg sjølv og leva livet sitt på den måten ein vil. I lengda er det det som vil gi deg mest. 

Det seier Emma Ellingsen (20), som no er aktuell som programleiar i den nye programserien «Annerledes» på TV 2.

I løpet av serien vil sjåarane bli betre kjend med totalt åtte offentlege nordmenn som viser at sjølv om ein er litt annleis, så kan ein leva livet på ein normal måte og komma seg gjennom ting.

– Eg synest at det er kult at dei som er med i programmet er veldig forskjellige personar, seier Ellingsen.

Håpar serien bidreg til mindre fordommar

To av menneska ho har møtt, er artist Myra og idrettsutøvar Birgit Skarstein.

Myra har hatt ein utfordrande oppvekst med opphald på barneheimar og med besøksfamiliar. I serien får den ferske programleiaren vera med på eit rørande møte med bonusfamilien hennar, og Ellingsen skildrar historia hennar som superinteressant.

Ho får også moglegheit til å bli betre kjend med ein av Noregs største idrettsutøvarar, Birgit Skarstein, som fortel opent om korleis det er å vera lam og sitta i rullestol.

Emma Ellingsen syntest det var stor stas å få prate med Birgit Skarstein. Foto: TV 2

– Altså, Birgit er så kul! Birgit er det mest positive mennesket eg nokon gong har møtt, seier ein entusiastisk Ellingsen før ho held fram:

– Alle eg har møtt har veldig interessante og forskjellige historier, og eg har lært mykje nytt. Eg er veldig glad for at me greidde å samla nettopp denne gjengen og håpar at «Annerledes» vil føra til mindre fordommar mot dei som skil seg litt ut.

Dokumentaren som gav ho svar

Ellingsen er klar på at det å vera open og dela er kjempeviktig for å bryta ned fordommar. Ho veit det funkar – for nettopp dette har ho sjølv gjort.

Då Emma var 9–10 år gammal, såg ho ein amerikansk dokumentar om korleis det var å vera fødd i feil kropp. Dokumentaren gav ho mange svar på kvifor ho aldri heilt hadde følt seg som ein gut – som var kjønnet ho var fødd med.

– Eg har alltid visst at eg ikkje var som dei andre gutane. Eg hadde andre interesser og har alltid hatt venninner i staden for kompisar. Då eg fann ut av at eg faktisk var fødd i feil kropp, var det ein lettelse.

Etter at ho hadde fått litt fleire brikkar på plass, gjekk det ikkje lang tid før nordmenn vart kjend med Ellingsen gjennom dokumentaren «Født i feil kropp».

Spolar me enda nokre år fram, er ho i dag blitt eit godt kjend fjes for dei aller fleste som har sett programma «Generasjon Z» og «Bloggerne».

I tillegg til å vere eit kjent fjes frå TV-en, har Emma Ellingsen sitt eige sminkemerke. Foto: TV 2 / Bjørn Wad

Har aldri angra

Valet om å vera open om at ho var fødd i feil kropp, og det frå svært ung alder, har ho aldri angra på. Og sjølv om ho har vore gjennom noko få har eit forhold til, har ho blitt møtt med mykje forståing.

– Det at eg var så ung då eg fann ut av dette, trur eg er mykje av grunnen til at det har gått så fint. Eg hadde ikkje noko forhold til «haters», for eg var jo berre 12 år. Viss eg hadde vore eldre, kan det godt vera at eg hadde vore meir redd. Eg er kjempetakknemleg for korleis det har vore, for det har hjelpt både meg og andre.

Ellingsen skryt av alle dei fine folka ho har rundt seg, og korleis dei har stilt opp for ho.

– Eg har vore enormt heldig med folka rundt meg og plassen der eg vaks opp. Alle har vore veldig støttande og dei er stolte av meg for at eg torde å vera meg sjølv.

Spesielt er det ein person som får litt ekstra takk.

– Mamma har vore med meg på masse. Eg er veldig glad i ho, seier Ellingsen.

– Mange er nok redde for det som er annleis

Dokumentaren Emma såg då ho var i 10-årsalderen, gjorde at ho fekk svar og skjønte litt meir om sin egen situasjon.

– Derfor er det så bra å dela. Om det ikkje er fleire hundre tusen som kan relatera til det me tek opp, men berre ein, så kan me i alle fall hjelpa den eine, seier ho.

Superinteressant historie: Ein av menneska Emma møter i serien, er artisten Myra. Den ferske programleiaren får vera med på eit rørande møte med bonusfamilien hennar, og Ellingsen skildrar historia hennar som superinteressant. Foto: TV 2

Uansett om ein definerer seg som annleis eller ikkje, håpar Emma at dei som ser serien vil sitta att med kjensla av å ha lært noko.

– Mange er nok redde for det som er annleis, og eg trur mange slit med tanken om korleis dei skal forholda seg til det. Men me er alle så like, og alle har noko med seg. Eg håpar derfor at serien kan vera med på å bidra til at me greier å sjå kvarandre for dei menneska me faktisk er – og ikkje for dei utfordringane me har.


Nellie Renate Krokstad debuterer som forfattar med boka «Løvetannbarnet», der ho fortel om eigen oppvekst. Foto: Pål Laukli

«Annerledes»

  • Programserie på åtte program. 
  • Den er mogleg å sjå på TV 2 Play no, og vil sendast på TV 2 på eit seinare tidspunkt.
  • Emma møter Myra, Birgit Skarstein, Big Daddy Karsten, Adrian Sellevoll, Roya Sori, Carina Carlsen, Vegard Bjørsmo, Sivert Abrahamsen og Stina Eline Brandåstrø i løpet av episodane. Dette er offentlege menneske som alle har følt på det å vera annleis.