Ane (23) måtte søkje permisjon frå sjukepleiarstudiet då NRK ringde

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein versjon av denne saka stod først hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om den rikaste mannen i historia og om Emma (13) som vil verte verdskjend som brørne.

– Å få lov å jobbe med dette er rett og slett kjempestas, seier Ane Norum Kvistad (23) og ler i telefonen. Ho er på flyplassen på veg til premieren på hennar aller fyrste episode av Newton.

23-åringen frå Verdal hadde opphaveleg planar om studera sjukepleie, men måtte søka permisjon frå studiet i Trondheim då ho fekk NRK-jobben.

– Det heile starta då dei som er sjefane for Newton tok kontakt med teatergruppa eg er med i i Trondheim. Eg tenkte: «Ja, kvifor ikkje prøve å søkja?» Og fekk jo heilt sjokk då dei kalla meg inn til intervju – og då eg på toppen av det heile fekk jobben, ler ho.

Ingen realfagsbakgrunn

Ane Kvistad var teatersjef hjå Studentersamfundets Internet Teater då NRK byrja programleiarjakta, og fortel at ho trivst på teaterscena.

Trass i at Newton er eit vitskapsprogram, har ikkje Kvistad sjølv nokon bakgrunn frå realfag. Men ho har alltid elska matte og naturfag:

– Så det blir veldig spennande å jobbe med Newton. Eg har erfaring frå sjukepleiarutdanninga, og elles har eg vore mest teaterjente. Det trur eg er ein fordel i denne jobben – for eg skal jo få lov å formidla vitskap til barn og unge, seier ho.

Tidlegare har Kvistad arbeidd som barneformidlar på museum, og ho fortel at ho elskar å formidla og underhalda. Ho er difor stolt over å få vere med å laga Newton:

– Det er så stort, men samstundes så stabilt og jordnært program – så det blir mykje gøy framover, seier ho.


Foto: Privat