Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I femti år har Turkmenistan hatt eit gigantisk, brennande hol i bakken. Det offisielle namnet er Shining of Karakum, men på folkemunne blir det gjerne kalla The Gates of Hell.

Krateret har vore eit populært turistmål (for dei få turistane i landet), men dei miljømessige konsekvensane har vore store.

No har presidenten bede regjeringa si om å finne ein måte å stoppe elden i det miljøskadande, brennande holet. Det melder fleire internasjonale medium.

– Misser verdifulle ressursar

8. januar gjekk president Gurbanguly Berdymukhamedov ut på statskanalen og ba regjeringa finne ei løysing for å sløkkja brannen.

Han fryktar for helsa til folk som bur i nærleiken, i tillegg til tapte forretningsmoglegheiter, ifølgje Agence France-Presse (AFP).

– Me misser verdifulle naturressursar som me kunne ha fått betydelege fortenester for og bruke det til å betra tilværet til folket vårt, sa han ifølgje AFP.

Ifølgje Vice ligg Turkmenistan på toppen av verdas fjerde største, kjende reservoara av naturgass, og økonomien til landet er i stor grad avhengige av å eksportere han.

I 2021 kjøpte Russland 10 milliardar kubikkmeter naturgass. Kina er framleis den største kjøparen av gass frå landet, med eit 7000 kilometer langt røyr som går frå Turkmenistan til Shanghai.

Det brennande holet vert gjerne kalla Darvaza-krateret. Foto: Tormod Sandtorv/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

69 meter breitt

Krateret ser ut som det kunne vore med i ein apokalyptisk film. Gass og oske brenn i holet, og ein kan kjenne lukta av svovel i eit stort område rundt – midt i Karakum-ørkenen.

Holet er 69 meter breitt og minst 20 meter djupt, og vart til då ein sovjetisk boreoperasjon gjekk gale. Dei trefte ei gasshole, grunnen under boreriggen gav etter og boreriggen forsvann i eit stort krater. Utruleg nok var det ingen som omkom.

Men krateret slapp ut store mengder metan til skade for miljø og menneske i området, og for å hindra meir utslepp av giftige gassar sette dei med vilje fyr på det for å brenne vekk gassen.

Fleire forsøk på å sløkkje brannen

Tanken var at det var tryggare enn å hente opp gassen frå undergrunnen, og at det ville brenne ut i løpet av nokre veker.

Femti år seinare brenn det framleis.

Det har vore fleire forsøk på å sløkkje brannen, men utan hell. Også i 2010 bad president Berdymukhamedov ekspertar om å finne ein måte å sløkkje brannen på.