Desse krisene får minst mediemerksemd

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse krisene får minst mediemerksemd

– Vi er svært bekymra for konsekvensane av den nærmast fullstendige mangelen på merksemd rundt nokre av verdas pågåande kriser, seier generalsekretær i Care Norge, Kai-Martin Georgsen i ei pressemelding.

Rapporten deira er basert på over 1,2 millionar globale kjelder på engelsk, fransk, tysk, arabisk og spansk, og listar opp dei ti mest underrapporterte krisene i verda i 2020.

Kvar av dei ti krisene påverkar meir enn éin million menneske. Landa kan vere råka av anten naturkatastrofar, krig eller konflikt.

Til saman blei det skrive 12.719 artiklar om desse ti krisene. Til samanlikning blei det publisert 39.900 artiklar om at Kanye West lanserte seg som presidentkandidat, og over 334.000 artiklar om lanseringa av PlayStation 5, skriv Care i pressemeldinga.

Burundi toppar lista

I mai 2020 blei det halde parlamentsval i Burundi, noko som markerte eit stort skritt i retning av å avslutte den uroa som har råka landet sidan 2015. Likevel er situasjonen i det krigsherja landet framleis svært skjør. Landet opplever no ei tilstrøyming av burundiske flyktningar som kjem heim frå nabolanda, noko Burundi, som er den femte fattigaste nasjonen i verda, er dårleg budd på. 

I Guatemala lever 10 millionar menneske under fattigdomsgrensa. Covid-19 har gjort ei alvorleg matkrise i landet verre. I tillegg blei landet råka av to kategori 4-stormar.

Etter fleire tiår med væpna konflikt, fattigdom, naturkatastrofar, og no ein global pandemi, åtvarar FN om at 2,8 millionar sentralafrikanarar – meir enn halvparten av befolkinga – i 2021 vil trenge humanitær hjelp og beskyttelse. Éin av fire er fordrivne i landet eller i eit naboland, og 7 millionar menneske i Den sentralafrikanske republikk lever under fattigdomsgrensa. 

Pandemien forsterkar nauda

Det siste året har koronapandemien dominert mykje av mediedekninga i verda. For folk som allereie opplever kriser, er pandemien ein ekstra trussel.

– Frå den globale klimakrisa, til dødlege sjukdommar som tuberkulose, malaria og HIV, til mangel på mat og reint vatn, til konflikt, vald og overgrep. For millionar av individ har covid-19 rett og slett gjort ein dårleg situasjon verre, skriv Care i rapporten.

– For kvinner, jenter og andre sårbare personar som lever i desse krisene, er covid-19 rett og slett ein ekstra trussel, seier generalsekretær i Care Norge Kaj-Martin Georgsen. Foto:Anna Ekre, Care Norge.

Ved slutten av 2020 estimerte FN at minst 235,4 millionar menneske vil trenge humanitær hjelp i 2021.

– Effekten av covid-19, saman med klimaendringane, har auka talet på menneske som treng humanitær hjelp med 40 prosent, seier Georgsen.

Mest merksemd rundt Libanon

Til saman 45 kriser blei analysert gjennom Meltwater sin database for tidsperioden 1. januar til 30. september.

Av desse krisene fekk den humanitære situasjonen i Libanon mest mediemerksemd, med 247.000 artiklar på nett.

Vidare følgjer krisene i Tyrkia, Libya og Bangladesh.

– Sjølv om enkelte kriser genererer noko mediemerksemd, er det langt frå nok. Alle humanitære kriser lid av kronisk underrapportering og manglar dekning på avisframsidene og TV- og radiosendingar samanlikna med innanrikspolitikk, kjendisnyheiter og andre saker, seier generalsekretæren i Care Norge.


Les også: Libanesiske Chadi (27) om eksplosjonen i Beirut: – Alt berre kollapsa

Dette er dei ti mest underrapporterte krisene i 2020

  1. Burundi (429 artiklar)
  2. Guatemala (542 artiklar)
  3. Den sentralafrikanske republikk (621 artiklar)
  4. Ukraina (702 artiklar)
  5. Madagaskar (1.464 artiklar)
  6. Malawi (1.473 artiklar)
  7. Pakistan (1.515 artiklar)
  8. Mali (1.816 artiklar)
  9. Papua New Guinea (2.014 artiklar)
  10. Zambia (2.143 artiklar)

Kjelde: Care – The 10 most under-reported humanitarian crises of 2020