Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 20.10.2022 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vel, som regel er nok ikkje skyene i Shibam låge nok til at husa skrapar heilt oppi dei. Men å koma over solsvidne berg og vide sanddyner fram til denne merkelege byen, er kanskje litt som å segle over Atlanterhavet og så endeleg skimte New York City.

Shibam har rett nok berre 7000 innbyggjarar, men til vederlag er byen mykje eldre enn sin amerikanske tvilling.

«Skyskraparar» i Shibam. Foto: CC BY-SA 2.0, Wikimedia Commons

I den svale skuggen

Shibam ligg i den største av Jemens provinsar, Hadramaut, som strekkjer seg frå kysten mot Adenbukta og nordover til grensa mot Saudi-Arabia. Namnet Hadramaut er av svært gamalt opphav. For berre hundre års tid sidan, då kartet over Den arabiske halvøya såg fullstendig annleis ut, var Hadramaut eit endå større område, som mellom anna dekte mykje av dagens Oman.

Foto: Jialiang Gao www.peace-on-earth.org – Original Photograph, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons

Ein innbyggjar i denne regionen har tradisjonelt vorte kalla ein hadrami, og den arabiske dialekten folket her snakkar, er sterkt prega av det utdøydde hadramittiske språket.

Shibam ligg på grensa av eit stort, temmeleg aude ørkenområde. Men i forne tider fanst det mengder av beduinstammar og andre fiendar der ute, og det var særleg faren for åtak som inspirerte til planlegging av ein av verdas første verkeleg vertikale byar, reist innom ein tjukk forsvarsmur.

Ei blanding av jord, høy og vatn – områda rundt byen er slett ikkje så karrige som ein skulle tru – vart forma til blokker, som så låg i solsteiken i nokre dagar før bygginga kunne byrja.

Det var vanleg å ha dyr og korn på det vindaugslause bakkeplanet, rom til sosiale aktivitetar på toppen – og å bu ein stad imellom.

Husa i Shibam kan ha så mykje som elleve etasjar og vera kring 30 meter høge. Ein stor fordel med å byggje tett og høgt, er sjølvsagt at det meste av bygningsmassen blir liggjande i skugge heile dagen.

Shibam i Jemen. Foto: Maria Gropa / © UNESCO / Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 IGO

Vedlikehald og trugslar

Det har budd folk her sidan tidleg i tidsrekninga vår, men dei fleste av husa som står i dag, har opphav på 1500-talet. Så har dei vorte ombygde og restaurerte mange gonger. Leira dei er laga av, er ikkje det mest slitesterke materialet. Både vind, regn og hard varme tærer på, så det må gjerast vedlikehaldsarbeid jamt og trutt. Ein skulle ikkje tru det, men flaum er òg ein trugsel: Shibam ligg ved ein wadi, eit elveleie som ofte er uttørka, men som i våte periodar kan bli overfylt av vatn.

Den største trugselen mot Shibam no for tida er likevel korkje flaum eller beduinar, men den pågåande borgarkrigen i Jemen.

Byen hamna på UNESCOs verdsarvliste allereie i 1982, men er sidan 2015 kategorisert som «verdsarv i risikosona». UNESCO har utarbeidd ein eigen konvensjon til vern av kulturarv i væpna konflikt, basert ikkje minst på dei store øydeleggingane som skjedde under andre verdskrigen. Essensen: Åtak på kulturarven til eitt folk er eit åtak på kulturarven til heile menneskeslekta.

Den gamle byen i Shibam. Foto: Maria Gropa / © UNESCO / Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 IGO

Full krise

Al-Qaida stod bak eit bombeåtak mot sørkoreanske turistar i Shibam i 2009. Borgarkrigen byrja strengt teke ikkje før i 2014, og har allereie skada kulturminne i Jemens hovudstad Sana – endå ei arkitektonisk perle av ein by.

Kanskje er det grunnleggjande feil å snakke om ein borgarkrig, for krigen hadde neppe vorte så gruvsam om ikkje andre land hadde helt bensin på bålet.

Hovudaktørane er Houthi-rørsla, sjiadominert og støtta av Iran og til dels Syria og Russland, som står imot president Abd Rabbuh Mansur Hadi og regjeringshæren med støttespelarar, derimellom Saudi-Arabia og USA. Rett nok prøver USA no å distansere seg frå krigen, og har mellom anna stogga våpensal til Saudi-Arabia (men er dette nok, når dei enno sel våpen til Saudi-Arabias gode granne, Dei sameinte arabiske emirata?).

FN åtvarar mot at svoltkatastrofen som allereie har byrja i Jemen, kan auke i omfang og bli den verste «på hundre år».

Med andre ord kan det gå ei stund før ei turistreise til Shibam vil vera tilrådeleg. I mellomtida må vi nøye oss med å sjå på bilete av «Ørkenens Manhattan», og drøyme om eit hadramittisk eventyr.


Sir Bruce Greatbatch var den britiske guvernøren over Seychellane mellom 1969 og 1973, og var han styrte tvangsflyttinga frå Chagosøyene. Her inspiserer han æresvaktene i 1973. Foto: Dino Sassi – Marcel Fayon, Photo Eden LTD/Offentleg eigedom/via Wikimedia Commons