Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 17.12.2021 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har alle, til alle tider, vår eigen antipode. Dette kan kanskje høyrast ut som ei plante eller eit kjæledyr, men det dreier seg om det punktet som er rett under føtene våre, på den andre sida av jorda.

Eg meiner å hugse at dei vaksne, då eg var liten, snakka om å grava seg gjennom kloten og koma til Kina. Men eg trong ikkje å sjå mykje på globusen for å skjøna at dette måtte vera pølsevev, og eit ganske skremmande uttrykk for vitløysa til dei såkalla vaksne.

Faktum er at dersom ein grev seg rett gjennom jorda frå Melhus, heimbygda mi, så endar ein opp midt i Sørishavet, ein stad søraust for New Zealand. Ein ganske trist antipode dette, altså.

Ein uvanleg by

Men fortvil ikkje. På internett finst sjølvsagt eit kart som på null komma niks kan syne deg antipoden til ein kva som helst slags stad på jordoverflata, og samstundes kan du få info om kva busetjing som ligg nærast den einskilde antipoden.

Når det gjeld antipoden til Melhus oppgjev nettsida at «the nearest city» er «McMurdo Station, Antarctica». 

Bilete av McMurdo-stasjonen, teken frå Observation Hill. Foto: Gaelen Marsden/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Ordet «city» er nok ei overdriving. Men den amerikanske McMurdo-stasjonen er faktisk det største samfunnet på heile det antarktiske kontinentet.

Dei over hundre bygningane har plass til godt over 1200 menneske. Nokre av dei er forskarar, langt fleire arbeider med dei mange praktiske oppgåvene som høyrer med i eit isolert samfunn i eit ekstremt miljø. Stasjonen har eigen minibank, og det blir til og med dyrka frukt og grønsaker i eit drivhus her. 

Dette skjer forresten ved såkalla hydroponi, som vil seia at ein ikkje bruker jord, men ei næringsløysing som inneheld alle dei viktige stoffa som planter treng for å leva og vekse. Røynslene med denne typen matproduksjon kan koma til å syne seg nyttige under framtidige romferder.

Opphaldsvêr

Frå McMurdo-stasjonen er det berre å trykkje ned gassen og køyre dei 1450 kilometrane inn til sjølve Sørpolen. Vel, du må ha eit beltegåande køyretøy. Men det er faktisk laga ein slags veg, ein snøveg, frå McMurdo-stasjonen heilt opp til den vesentlege mindre, men like amerikanske Amundsen–Scott-basen på Sørpolen. 

Bilete av den amerikanske Amundsen-Scott-basen. Foto: Daniel Leussler/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Men no er vi komne altfor langt bort frå antipoden vår, så la oss heller nøye oss med ein tur til vestsida av McMurdo-sundet, der vi kan utforske McMurdo Dry Valleys.

Du trudde kanskje at heile Antarktis var dekt av is? Tru om att!

McMurdo Dry Valleys er det største relativt isfrie området i Antarktis, og er i realiteten ein slags ørken. Sterke vindar feiar igjennom desse dalane, og i dragsoget fordampar alt av vatn, is og snø. Det er truleg det området på jorda som minner mest om planeten Mars.

Foto frå Wright Valley, ein av dei tre Dry Valleys. Foto: Dturme/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

At det likevel finst mikroskopisk liv i McMurdo Dry Valleys, er interessant med tanke på forståinga av nettopp Mars, der det er gode sjansar for at det kan ha funnest liv, om det no ikkje finst den dag i dag. 

I skrivande stund, i byrjinga av november, har det så smått vorte sumar i Antarktis. For moro skuld sjekkar eg temperaturen i McMurdo-dalane, og sanneleg er det godvêr der no! Berre ca. 20 minusgradar, og sola skin frå skyfri himmel.

Nedbør er generelt ikkje eit stort problem i Antarktis, som er det tørraste av alle kontinenta på jorda, og i McMurdo Dry Valleys har det truleg ikkje regna på nesten to millionar år. 

Elver og sjøar

Paradoksalt nok kan dei knusktørre dalføra likevel skilte med den lengste elva (!) i Antarktis. Onyx River er ei smeltevasselv som berre finst i sumarhalvåret, og då òg med svært varierande vassføring. Fisk lever naturleg nok ikkje i denne elva, men mikroskopisk liv finst det ein heil del av også her. 

Endå meir fascinerande er innsjøane, slik som Lake Vida. Her er det ikkje særleg lett å ta ein dukkert, for sjøen ligg under eit tjukt islag. Men vatnet er så ekstremt salt at det held seg i flytande form sjølv om temperaturen er langt under frysepunktet.

I 2002 fann forskarar mikrobar i ei isprøve frå nettopp Lake Vida. Mikrobane hadde lege djupfryste i over 2.800 år, men det hindra dei ikkje frå å vakne til liv då isen smelta, for så å byrja vekse og reprodusere seg sjølve.

Organismar som overlever under ekstreme tilhøve, er av stor interesse for forskarane – igjen, ikkje minst, med tanke på utforskinga av eventuelt liv på framande klotar.

Bilete av Don Juan Pond. Foto: Pierre Roudier from Palmerston North, New Zealand/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

Ein annan innsjø i nærleiken, Don Juan Pond, blir sagt å vera den saltaste på heile jorda. Skulle du ha lyst til å stupe uti her, bør du nok passe på så du ikkje drikk for mykje av vatnet.

Forresten er heile greia meir ein søledam enn ein innsjø, så ikkje stup frå for stor høgd. Og hugs at det fint kan vera 50 minusgradar i lufta sjølv om vatnet (?) i dammen er flytande, så ikkje bruk ei altfor minimal badebukse.  


Det finst, heldigvis, ein del gamle biltete frå Finnkongkeila. Slik såg det ut der i 1910. Foto: Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark IKS.