Dette er verdas tyngste graskar

Rekordgraskaret er på over 1200 kg, og har fått namnet Michael Jordan.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Dette graskaret er kalla Michael Jordan fordi det er år [20]23 … og han er tidenes største basketballspelar.

Det fortel mannen som har dyrka fram tidenes største graskar, Travis Gienger frå Minnesota. Basketballegenda som har gitt namn til den 1247 kilogram tunge frukta er kjent for å ha draktnummer 23.

Rekorden er omtalt av The Guardian.

Ny rekord

For å halde oss i basketverda; det gigantiske oransje graskaret svarar til rundt 2110 basketballar.

Nyheitsbyrået AP skriv òg at ein kunne fått minst 687 graskarpaiar ut av graskaret.

Graskaret vart vist fram og vege under konkurransen World Championship Pumpkin Weigh-Off i Half Moon Bay i California. Konkurransen vart halden for femtiande gong i år.

Med sine 1247 kg slo Gienger den førre rekordhavaren med 21 kilogram. Ifølgje Guinness rekordbok blei den førre rekorden sett i Italia i 2021.

Eit graskar som blir kalla «Michael Jordan» blir løfta for å bli vege. | Foto: AP Photo/Eric Risberg
Travis Gienger og hans to år gamle dotter Lily poserer bak graskaret Michael Jordan. | Foto: AP Photo/Eric Risberg
Graskar som skal bli vege under World Championship Pumpkin Weigh-Off i Half Moon Bay i California i USA. | Foto: AP Photo/Eric Risberg

Lang erfaring

Travis Gienger er lærar i hagebruk og har dyrka graskar sidan han var tenåring. Faren hans dreiv på med det same. Gienger fortel at han legg så mykje innsats i å dyrke store graskar, for å få folk til å smile. Han har vunne tre av dei fire siste konkurransane.

I år bestemte han seg for å gi dei ekstra omsorg, og vatna graskara opptil 12 gonger om dagen og gjødsla dei meir enn vanleg.

Det har kosta han 15 000 amerikanske dollar å dyrke fram og ta vare på Michael Jordan-graskaret. Han får 30 000 dollar i premie, og dei skal brukast til å dyrke eit enda større graskar til neste års konkurranse.